Lokal handel: Nettsamlingar kvar månad

Torsdag 18. februar tok nesten 50 markedsmedarbeidarar morgonkaffen foran dataskjermen. LLA inviterte då til ny lokal handel-samling for markedsmedarbeidarane.

Hordaland Folkeblad og Tysvær Bygdeblad (bildene) er blant avisene i LLA-familien som har fått med seg butikkane på spennande lokal handel-aktivitetar på nett og papir. I tillegg til å bidra til lokal handel, drar begge avisene inn ekstra annonsekroner på det dei no gjer. Dei som ville høyre meir om kva Hordaland Folkeblad og Tysvær Bygdeblad skaper lokalt, var altså nyleg med på nettsamlinga for markedsmedarbeidarar i LLA-avisene.

Også Aina Sofie Brox i Merkur-programmet var med. Vi fekk blant anna vite litt om årets handle lokalt-dag.

LLA har lokal handel-samlingar på nett om lag éin gong i månaden. Neste blir i mars.