Korleis har eigentleg skeive det på bygda no? Då Grannar dekte eit lokalt Pride-arrangement var det klar tale frå fleire frammøtte: No er tida inne for å stå opp for skeive. Foto: Svein-Erik Larsen
Korleis har eigentleg skeive det på bygda no? Då Grannar dekte eit lokalt Pride-arrangement var det klar tale frå fleire frammøtte: No er tida inne for å stå opp for skeive. Foto: Svein-Erik Larsen

Ni gode saker som kan lagast om sommaren

Sjølv i fellesferien er det mogleg å laga interessant nyheitsstoff i lokalavisene. Her får du nokre gode idear du kan kasta deg over.

Peder Sjo Slettebø har i ein periode ei prosjektstilling i LLA for å hjelpa nokre aviser å løfta seg på nett. Godt innhald er sjølvsagt det viktigaste for ei nettavis. Derfor har Peder gitt avisene nokre tips om saker dei kan laga i sommar for å halda liv i nettavisene sine. Her deler han forslaga:

Konsekvensar av den økonomiske situasjonen i lokalsamfunnet 

Den aukande renta og dei vedvarande høge prisane på varer og tenester er ein nasjonal debatt, men råkar folk i lokalsamfunna. Det er veldig bra viss avisene får fram kva konsekvensar dette har for menneska i dekningsområdet deira.

Inn mot fellesferien er det spesielt interessant om denne situasjonen får konsekvensar for folk sine ferieplanar. Er det nokon som vil fortelja om dette? Og har dei tips til korleis ein til dømes kan gje gode ferieopplevingar til barn utan at det kostar for mykje? Det vil vera interessant og nyttig lesestoff for mange.

Grannar skreiv nyleg om Odin, tidlegare Oda, som mellom anna fortalde om korleis det var å veksa opp som trans på bygda.

Skeiv på bygda 

Den tragiske hendinga i Oslo har gitt endå meir aktualitet til Pride. Korleis reagerer lokale LHBTIQ-personar på dette? Korleis er det å vera annleis på bygda i dag? Det er vonleg betre enn det var for 10 år sidan, men det er truleg framleis ein veg å gå.

Arkivbildeseriar frå nyare tid

Dersom lokalavisene ønsker å veksa blant dei yngre lesargruppene, og ein har grei tilgang til fotoarkivet, er arkivbildeseriar frå nyare tid saker som blir godt lest, og er veldig greie å ha på rolege dagar.

Døme på dette kan vera:

– Butikkar og handel i kommunen (hugsar du desse butikkane frå slutten av 1990/starten på 2000-talet til dømes).

– Arkivbildeseriar av folk som er mellom 30 og 60 år i dag, og arkivbildeseriar av arrangement for til dømes 10-20 år sidan.

– Samferdsle og bilar frå same tidsepoke.

Bustad og interiør

Finst det folk i lokalsamfunnet, fortrinnsvis unge, som har bustad/interiørkonto på Instagram? Det kan vera lettare å få innpass hos desse sidan dei allereie deler på sosiale medier.

Ein annan populær ting for tida er husbyggarkontoar, der par gjerne dokumenterer heile byggeprosessen på til dømes Instagram. Dette kan bli gode saker, og kanskje kan lokalavisa få vera med å dokumentera prosessen også?

Fritidstips frå kjente personar 

Senda spørsmål til kjente personar i eller med tilknyting til lokalsamfunnet og spørja om tips til gode bøker som kan lesast i hengekøya, eller gode seriar for regnvêrsdagar.

Min favorittstad i kommunen 

Intervjua kjente personar i lokalsamfunnet eller kjente nordmenn som har eit forhold til staden om kva som er favorittplassen deira i kommunen, og kvifor.

Elbilferie 

Det blir stadig fleire som har elbil, og mange lurer på å kjøpa. Men der er framleis rekkeviddeangst, og korleis fungerer dette eigentleg på langturar? Dersom det er lokale folk som har vore på elbilferie, og kanskje har ein god historie til og med, kan dette vera gode saker.

Tilflyttar/fråflyttar- og heimflyttarseriar

Dette er godt lesestoff der ein får fram folk i og med tilknyting til lokalsamfunnet, og veldig kjekt for aldersgruppa 25-45 viss ein intervjuar folk i same aldersgruppe.

For dei vågale 

Dersom avisa har ein litt tabloid profil, kan det vera kjekt å trykka til dømes klamydiastatistikken i kommunen for fjoråret, eller fortelja lesarane om Kondomeriet sin store salsvekst dei siste åra også er gjeldande i den aktuelle kommunen. Dersom ein kontaktar til dømes Kondomeriet, er det mogleg å få salsstatistikk ned på kommunenivå.

Når det gjeld klamydiastatistikken kan ein gjerne sjå nærmare på om det er samanheng med smittetala for korona same året.