Vestnesavisa. F.v: Asle Klock – Journalist, Synnøve Vike Olsen – Grafiker, Torstein Sønstabø – Redaktør. Stian E. Svendsen – Annonseselgjar var ikkje til stades (ikkje Covid19-relatert). Foto: Vestnesavisa
Vestnesavisa. F.v: Asle Klock – Journalist, Synnøve Vike Olsen – Grafiker, Torstein Sønstabø – Redaktør. Stian E. Svendsen – Annonseselgjar var ikkje til stades (ikkje Covid19-relatert). Foto: Vestnesavisa

Nettavisa kom med korona

Vestnesavisa har lenge arbeidd med å få nettavis på plass, korona-viruset framskunda prosessen og no er avisa «live».

Det er i dag 10-12 av medlemsavisene til LLA som ikkje har ei nettavis som er dagleg oppdatert med nyhende. Fram til fredag 13. mars var Vestnesavisa i Romsdal ei av dei.

Redaktør og dagleg leiar Torstein Sønstabø fortel at ny nettavis har vore på trappene lenge, men lansering var ikkje planlagt heilt enno.

Snudde seg rundt på få dagar

Lokalavisa har valt Hamar Media som leverandør, og då korona-viruset slo til for fullt forstod dei i avisa at noko måtte gjerast raskt.

– Saman med leverandøren fekk vi snudd oss raskt rundt. Vi tok kontakt klokka 08.00 fredag 13. mars og klokka 11.15 same dag var nettavisa på plass, seier Sønstabø.

Dagen då Sønstabø og fleire av dei andre i staben skulle vore på landsmøtet til LLA vart det i staden lansering av ny nettavis, med over 4000 sidevisninger første dagen.

– Vi har ikkje alle løysingar på plass, men fann ut at det var viktigare på koma på «lufta», slik at vi kan servera innbyggjarane våre nyhende mange gonger om dagen i staden for ein gong i veka. Det er ei viktig samfunnsoppgåve å få ut nyhende, og med avis ein gong i veka ville vi raskt vera utdatert og berre ha gammalt nytt, seier Sønstabø.

Suksess

Avisa fekk ikkje på plass betalingsløysing frå dag ein, noko Sønstabø ikkje tykkjer er så farleg.

– No får folk sjå at vi er ute med nyhende, så reknar vi med at betalingsløysinga er der innan nokre dagar.

Så langt har tilbakemeldingane vore utelukkande positive for avisa, og besøkstala har vore gode og stige kvar einaste dag.

– Det er jo hektiske tider for oss og det er armar og bein, men for oss var det ikkje noko val no, vi måtte på nett, seier Sønstabø. Han oppmodar aviser som er i same situasjon som dei om å berre kasta seg ut i det.