– Eg vil heller bli kalla bondeknøl enn fisefin, seier ein av ungdommane Hordaland Folkeblad har intervjua om dialekt. Bergensk kunne han ikkje ha snakka. Kan hende står det ikkje så gale til med ungdommane sin dialektbruk.
I magasinet Bygdalangs får Hordaland Folkeblad sine lesarar djupare og meir tidlause saker med tiltalande layout. I siste nummer tok redaktør Sigbjørn Linga for seg dei lokale målføra. Den grundige og interessante saka er både underhaldande og lærerik. Vi får mellom anna lære særdrag i den gamle kvammadialekten, mange ord og vendingar som vi kan briljere med neste gong vi møter ein kvemming, vi får vite kva som har endra seg og kva årsakene kan vere.
Om du vil imponere ein kvemming kan du prøve å slenge inn nokre av desse orda i samtalen:
Snjaop: lett på foten og snar i snuten
Uhumsjen: ikkje heilt frisk
Makadikigt: merkeleg
Ubjaodlæ: lite høveleg, upassande, bort i hampen
Linga har snakka med skuleelevar, utvalde dialektbrukarar, utflytta og tilflyttarar, «mannebenkjen» på landhandelen og språkekspertar. Han har også nytta ei rekkje skriftlege kjelder.