Dag-og-tid-lydavis-forside

Lytt til Dag og Tid sine artiklar

No kan abonnentane lytte til Dag og Tid-artiklar. Journalistane har fått opplæring i å lese inn sine eigne tekstar.

No kan abonnentane lytte til Dag og Tid-artiklar. Journalistane har fått opplæring i å lese inn sine eigne tekstar.

På www.dagogtid.no/lydavis kan du lytte til eit døme på ein lydartikkel.

– Det blir veldig personlig når du får høyre den som har skrive teksten lese han opp, seier marknadssjef Gregor Falkner i Dag og Tid.

Han fortel at innlesinga av artiklane førebels er ganske arbeidskrevjande. Han reknar med at journalistane får ei bratt læringskurve, og at det vil gå raskare når dei får meir erfaring.

Språkrettleiar Ola E. Bø ved Det Norske Teatret har rettleia journalistane i god innlesing.

Folk har ikkje tid til å lese
Falkner forklarer at Dag og Tid hadde registrert at dei som seier opp abonnementa sine ikkje er misnøgde med avisa, men dei seier at dei ikkje har tid til å lese avisa.

– Vi vil hjelpe abonnentane å få med seg meir av innhaldet, og då er lyd ein fin moglegheit. Folk kan lytte medan dei lagar mat eller trenar. Vi meiner artiklane er gode å lytte til. Vi er gode på tekst, og dette er ein ny måte å formidle tekst på, seier Falkner, som meiner at vi er inne i ei tid då innhaldet må presenterast på ulike måtar for å nå publikum.

Fekk hjelp av Zetland
Mange rådde Dag og Tid til å lage podkast, men sjølv ville dei heller fokusere på kjerneproduktet, avisartiklane. Dei er inspirerte av liknande løysingar i The Guardian (sjekk The Guardian’s Audio Long Reads), Der Spiegel og Die Zeit, og ikkje minst av den danske nettavisa Zetland.

Zetlands lydavis er blitt svært populær. Den danske avisa har hjelpt Dag og Tid med å få på plass løysinga.

– Det var teknisk komplisert for oss. Vi var opptatt av at brukaropplevinga skulle vere god. Vi trur at mange eldre vil ha glede av tilbodet, derfor skal det vere intuitivt å spele av artiklane i appen, seier Falkner.

Kreative løysingar
Dag og Tid måtte vidareutvikle appen sin. Dei måtte også rigge eit studio og skaffe kompetanse på lyd og redigering.

– Dette vart nok meir omfattande enn vi hadde sett for oss. Vi har eit lite budsjett, derfor har vi vald nokre kreative løysingar, seier Falkner.

Til dømes har dei brukt vanlege skumgummimatter til lyddemping i studiet, i staden for dei fem gonger dyrare lydisoleringsmattene.

– Det fungerer godt, seier Falkner.

Den norske podkastmarknaden er i sterk vekst. Dei største aktørane i bransjen har nyleg gått saman om å lage ei toppliste, noko dei håpar kan bidra til ytterlegare profesjonalisering og meir interesse frå annonsørar.