Lukkast med stillingsannonsar på papir

Skal ein få tak i gode jobbsøkjarar i dagens marknad, er det lurt å bruka nokre ekstra tusenlappar på annonseringa. Med dei rette argumenta sel avisa Hordaland godt med stillingsannonsar.

Avisa Hordaland har hatt ekstra fokus på marknaden for ledige stillingar i seinare tid. 
Der er stillingsannonsane i papiravisa på ingen måte eit «døande» produkt.

Den klart største delen av inntektene på stilling kjem frå papirannonsar, men dei aller fleste vel også å vera med i den digitale stillingskarusellen. Hordaland har halde prisane på papir på same nivå som tidlegare, då dei ser at marknaden er villig til å betala for gode annonsar også på papir i deira område.

Dei har auka prisen på den digitale karusellen med omlag 70% utan at dette har ført til at færre nyttar denne.
Trass koronatidene auka dei salet opp mot 35% på denne type annonsering.

Trenden held fram også i 2022 så langt.

– Dette er vel den kategorien annonse som syner best utvilking i ein elles litt treig marknad, seier sals- og marknadssjef Terje Øye.

Inntektene på stillingsannonsering hjå oss er såleis veldig mykje betre enn for annonsar generelt. På den totale annonseomsetnaden utgjer stilling ledig opp mot 15% av totalen.

– Annonsering på stilling følgjer nok mykje utviklinga i marknaden generelt, men me meiner at ekstra fokus på å «selja opp» produktet, med fokus på at det er lurt å bruka litt ekstra kroner på å få tak i fleire og betre kandidatar til stillinga, er verdt pengane for kunden. Dei skal betala løn til ein nytilsett i lengre tid, og då er det vel anvende pengar å bruka nokre 1000-lappar ekstra på annonseringa. 
I dagens marknad er det slik for gode fagfolk at dei oftast er i jobb allereie, og må freistast til å byta arbeidsgjevar, dei er oftast ikkje aktive jobbsøkjarar før dei ser gode alternativ i avisa. Desse treff ein klart best gjennom papiravisa som «alle» les, iallfall i vårt område.
 Eit enkelt grep dette, som har slege godt ut på omsetnaden vår, konkluderer Øye.