Den siste tida har ei rekke unge nordhordlendingar ytra seg i spaltane til Nordhordland. – Dei er gode forbilde for oss alle, meiner redaktør Sølve Rydland. Foto: Karoline Nordgulen / Eva Neteland
Den siste tida har ei rekke unge nordhordlendingar ytra seg i spaltane til Nordhordland. – Dei er gode forbilde for oss alle, meiner redaktør Sølve Rydland. Foto: Karoline Nordgulen / Eva Neteland

Lukkast med å få lesarinnlegg frå ungdom

Nordhordland har hatt kraftig auke i talet på lokale lesarinnlegg. Ein skrivekonkurranse har også gitt gode ytringar frå ungdom.

«Frå at det berre var nokon få som forbilledleg tok mot til seg, og skreiv innlegg i avisa, kan me i dag velga og vraka i gode, aktuelle og innsiktsfulle innlegg», skriv redaktør Sølve Rydland i ein kommentar i avisa Nordhordland.

Som redaktør har han vore opptatt av å visa at avisa meiner noko.

– Eg har skrive veldig mange kommentarar, forsøkt å vera konstruktiv på vegner av dekningsområdet og oppmoda folk til å skriva til oss i ulike fora. Det er nok dei viktigaste årsakane til at vi har tatt ytringane til eit heilt nytt nivå, seier han til LLA.

Avisa har jobba med kvaliteten på innlegga. Dei redigerer mellom anna i innlegga dersom det er uklart kva som er fakta og kva som er meiningar.

Berre dei siste vekene har avisa hatt innlegg frå både politikarar, friluftslivsfolk, vindkraftaksjonistar, grunneigarar, pensjonerte rådmenn og mange andre.

I tillegg har avisa klart å få inn mange ytringar frå ungdom gjennom ein skrivekonkurranse. Det starta med at dei bad om å få publisera ytringar frå ungdom som deltok i ein retorikkonkurranse i regi av Universitetet i Bergen. I tillegg til å publisera ytringa, laga dei ei redaksjonell sak knytt til kvar ytring. Sidan arrangerte avisa sjølv ein skrivekonkurranse for elevar på vidaregåande, i samarbeid med Nynorskdagane i Alver.

– Vi møtte opp på skulen og fortalde om avisa, om meininga med journalistikken og om at vi ønskjer ytringar frå unge folk som kan dela meininga si i eit relativt kort format. Vi fekk mange gode ytringar, fortel Rydland.

Redaksjonen har jobba litt med å forbetra elevane sine tekstar, samtidig som dei har passa på at elevane skal eiga tekstane. Dei har gitt tilbakemeldingar til elevane, slik at elevane får læra noko.

Ytringane har vore opne på nett, noko Rydland trur har vore ein suksessfaktor.

– Vi ser at vi når eit nytt publikum og fleire potensielle abonnentar med desse sakene. Vi ser og at det er nye folk og ein konstruktiv tone i kommentarfelta, seier han.

Ytringane frå ungdommane har handla om alt frå utanforskap til kollektivtilbod.