Lokal handel og Folkevandringa: Tips om offentleg innkjøp – og arbeidslivet

Lyst på konkrete tips om næringslivsstoff og arbeidsplassar? Her kan du laste ned foredraga frå inspirasjonssamlinga for redaksjonane 6. mai.

Skal bygdene vere attraktive å bu og leve i, må vi også ha oppegåande lokale bedrifter med attraktive arbeidsplassar. Lokalavisene kan lage mykje godt og spennande stoff om nettopp arbeidslivet. Eksemplene over er henta frå Alvdal midt i væla og Dølen.

Torsdag 6. mai hadde LLA ei ny inspirasjonssamling for redaksjonane. Då fortalte Per Kjetil Jørgensen ved Distriktsenteret og Merkur-programmet om handlingsrommet som kommunane har dersom dei vil handle lokalt. Vi fekk også tips til konkrete saker som lokalavisa kan lage om nettopp offentleg innkjøp av varer og tenester i lokalmiljøet.

Vår eigen Laila Borge serverte eksempler på kva saker lokalavisene kan lage om arbeidslivet og lokal handel – som ei oppfølgjing av LLA, NRK og Sujos samarbeidsprosjekt «Den store Folkevandringa».

Begge foredraga kan du laste ned her:

Merkur LLA Per Kjetil Jørgensen kommunale innkjøp

LLA Laila Borge folkevandringa og lokal handel

Her kan du sjå heile inspirasjonssamlinga i opptak (ca 30 minutt)

Vil du også ha ein repetisjon, og idear, frå inspirasjonssamlinga 16. april? Om den lokale livssyklusen, Nye Troms sine lokal handel-stoff og eksempler frå andre lokalaviser?

Her kan du gå rett til den samlinga!