Lokal handel: Fleire og heilt nye annonser om lokal handel

No kan LLAs medlemsaviser laste ned tre heilt nye annonser der vi oppfordrer folk til å bruke nærbutikken sin.


LLA og lokalavisenes kampanje om å bidra til levande lokalsamfunn gjennom å handle lokalt, held altså fram. Litt lengre ned i artikkelen kan avisa di laste ned tre nye annonser for bruk i papirutgåvene frå 20. januar og utover i februar og mars.

Gjennomgangstonen er den samme som i dei første annonsene vi laga i desember, og som vi nyleg oppdaterte med å ta bort alt som har med jul å gjere. Også dei tre heilt nye annonsene er bygd opp som innhaldsmarkedsføring, der vi altså får fram at det er viktig å støtte opp om sine lokale butikkar hvis du ønskjer lokale arbeidsplassar og skatteinntekter. Oppegåande nærbutikkar er sjølvsagt også bra for lokalavisene!

Vi anbefaler alle avisene om å legge inn sin eigen avislogo i annonsene. Kampanjen er dessutan ein fin anledning til å hente nye og fleire annonseinntekter; kvar avis kan selge lokal sponsorplass. Kommunen, næringsorganisasjonar, butikkar, handels- og sentrumsforeningar eller andre kan betale avisa di for å ha med logoane sine i annonsene. Avisa bestemmer sjølv prisen.

Fleire aviser har alt fått med seg lokale sponsorar. Det viktigaste er likevel å bruke annonsene så snart som mulig. Det kan inspirere lokale sponsorar i ditt distrikt til å bli med på laget.

Hvis avisa di har lyst til å bytte ut nokre av bildene våre i annonsene, til dømes bilder av folk i din lokale butikk, er det også heilt greit. Bare pass på at det fortsatt er samsvar mellom bilder og tekst!

LLAs annonsekampanje kan brukast sjølv om avisa di kjører egne og andre handle lokalt-annonser fra før av. Alt kan gå parallellt.

Vi byr altså på tre heilt nye annonser no i veke 3 i 2021, men du finn dei i fleire format; alle annonsene er laga som dobbeltsider, heilsider og halvsider – og på nynorsk og bokmål.

Her kan du hente dei nye annonsene. Heilt nederst i artikkelen finn du link til dei første annonsene vi la ut. Det er fint om avisa først bruker dei første annonsene, men elles er det fritt fram. Du finn også nettannonser hvis du trykker på linken nederst.

Nynorsk-versjonane (bokmålsannonsene er litt lengre ned):
LLA Handle lokalt dobbelside nynorsk 4
LLA Handle lokalt dobbelside nynorsk 5
LLA Handle lokalt dobbelside nynorsk 6

LLA Handle lokalt heilside nynorsk 4
LLA Handle lokalt heilside nynorsk 5
LLA Handle lokalt heilside nynorsk 6

LLA Handle lokalt halvside nynorsk 4
LLA Handle lokalt halvside nynorsk 5
LLA Handle lokalt halvside nynorsk 6

Bokmål-versjonene:
LLA Handle lokalt dobbelside bokmål 4
LLA Handle lokalt dobbelside bokmål 5
LLA Handle lokalt dobbelside bokmål 6

LLA Handle lokalt heilside bokmål 4
LLA Handle lokalt heilside bokmål 5
LLA Handle lokalt heilside bokmål 6

LLA Handle lokalt halvside bokmål 4
LLA Handle lokalt halvside bokmål 5
LLA Handle lokalt dobbelside bokmål 6

Her kan du hente dei tre første annonsene, som vi sendte ut i november/desember og som blei oppdaterte rett etter jul.

Har du spørsmål? Send gjerne ein epost til geir@lla.no.