Som ein smakebit på LLA og lokalavisenes handle lokalt arbeid, var LLA i fjor høst med på ei lokalavissamling på Røvær (bildet) vest for Haugesund. Markedsmedarbeidarar, journalistar og redaktørar frå lokalavisene Bømlo-nytt, Grannar, Ryfylke, Suldalsposten, Vestavind og vertskapsavisa Tysvær Bygdeblad var då på Røvær og klekte ut praktiske idear som er akkurat like aktuelle i dag som i går!
På samlinga deltok også Lars Helgeland i Merkur-programmet, Gerda Marie Nedrebø i Nærbutikken og Gunn Lovise Gautesen frå Røvær Øyting, alle med med nyttige innspel og tankar om korleis vi alle kan bidra til lokal handel og levande småsamfunn. Frå LLA deltok Tomas Bruvik og Geir K. Hus.
I løpet av 24 timar stod også Bømlo-nytt si miljøavis, innovasjon og nye medievanar på programmet. I løpet av samlinga hadde vi også ein liten idédugnad rundt handle lokalt-arbeidet – altså om korleis lokalavisene kan jobbe meir og bedre for å skape levande lokalsamfunn og bidra til lokal handel. Avisene fekk to utfordringar på kort tid. Her er stikkord og notater frå idèdugnaden:
1: Kva fem saker kan redaksjonen i avisa gripe fatt i, for å vise korleis bygda di kan bli enda meir levande og attraktiv å bu i?
Bilag/temastoff i avisene; Kollektivtransport. Unge par/heimflyttarar/mot straumen. Unge gründarar. Der ingen skulle tru at det var internettdekning. Fritid/eldsjeler.
Kart som viser kor kommunane bygger/satser dei neste fire årene.
Kultur- og fritidstilbud/aktivitetar i kommunane, også med søkelys på økonomien.
Handel og handelslekkasje. Netthandel. Kva ønskjer folk?
Kva gjer kommunen for å skape trivsel/miljø osv blant ungdom?
Bustadpolitikk; korleis få folk til å flytte heim?
Finne ildsjeler i bygdene, lage saker om folkene.
Fem-på-gata-saker; Kva betyr bygda for deg og kva skal til for at du blir buande, eller vil flytta tilbake.
Sjekke hustomter hos kommunen; er tomter tilrettelagt for nyetablerarar?
Lokalbutikken; bruker folk butikkane i bygda? Også lage sak om butikkane sitt «indre liv»; reportasjar frå bakrommet.
Frå barnemunn; kva betyr «bygd»
Hjartebank. Frivillighet. Geografi. Barn og unge.
Lage lokale saker om levande lag og organisasjonar, også når dei får tildelt midlar.
Portrett med heimflyttarar; kvifor kjem folk tilbake til heimplassen sin?
Fokusere på sentraliseringsproblematikken.
Fokus på handelslekkasjen; Utfordre lokale butikkar på om dei er offensive og omstillingsdyktige nok i kampen mot handelslekkasje og netthandel.
Utfordring 2: Korleis kan markedsmedarbeidarane i avisa di hjelpe den lokale matvarebutikken, den lokale bokhandelen eller andre butikkar i nærmiljøet – slik at litt færre folk reiser til byen for å handle julegåver i år?
Nærmiljø-kampanje.
Konkurranse; registrert handel / kjøpmenn sponse premiar.
Avisa vere tidleg ute med å tilby/reklame for annonsepakkar.
Kva er in og på ønskelista i år? Lokale vinklingar.
Butikkar som annonserer i desember får sterkt rabatterte annonser i januar.
Stemme fram beste julebutikk; publikum stemme, gåvekort som premiar.
Kampanje; «Det er utruleg bra det vi har»
Annonser med bilde av ansatte i butikkane. Med lokale slagord og tilbod.
Oppfordre butikkane til å skape opplevelser.
Lage konkurranse om den finaste dekorerte julebutikken. Invitere lesarane til å sende inn forslag, om service og totalopplevelsen. Premie; gåvekort på butikken som vinn.
Julegåvetips, der butikkane viser fram varer, bl a den mest solgte varen.
Julekuleannonse, med logoar.
Adventskonkurranse, som butikkane kan sponse.
Hjelpe butikkane med Facebook-annonsering.
Lage kundekveldar/kupongkveldar.
Gode serviceavtaler.
Nærmat.
Julekalender med tilbod i november. Dagens tilbod. På nett?
Avisa arrangere julemarkedsdag.
Julegåvetrekning; alle som kjøper julegåver som blir pakka inn i butikkane er med på trekning av 3000, 6000 og 10.000 kroner.
Her kan du lese meir om LLAs handle lokalt arbeid som blei lansert fredag 30. oktober.
Desse deltok på Røværsamlinga og skal ha æren for ideene i denne artikkelen:
Reidar Hystad, Randi Olsen, Hege Valde, Iris Elin Ullvang, Kari Nilsdotter Haukås, Susanne Lie Vallestad, Knut Atle M. Seim, Hilja B. Holden, Frank Waal, Ingvil Bakka, Even Emberland, Arne Frøkedal, Arve Skogen, Randi Ronæs, Edna Trovanelli, Grethe Hopland Ravn, Astrid Guggedal, Siri Førland, Nora Bogetvedt Jenssen, Marta-Brit Lunde, Inger Johanne Vasshus, Ingvild Myklebust, Mona Terjesen, Alf Einar Kvalavåg, Anne Marie Rossebø, Gro Lothe og Irene Stuhaug i Bømlo-nytt, Grannar, Ryfylke, Suldalsposten, Vestavind og Tysvær Bygdeblad.