I 22. juli-magasinet fortalde Hallingdølen mellom anna om Adnan Helja som var ein av dei første som kom til regjeringskvartalet etter eksplosjonen.
I 22. juli-magasinet fortalde Hallingdølen mellom anna om Adnan Helja som var ein av dei første som kom til regjeringskvartalet etter eksplosjonen.

LLA skal dele ut to journalistprisar

No er det på tide å sende inn bidrag til lokalavisprisane. Sjå kven som vann journalistprisar i fjor.

Det er mykje god journalistikk i lokalavisene. Blant bidraga frå 2021 enda juryen med å dele ut to journalistprisar, i tillegg til to heiderlege omtalar. For 2022 skal det delast ut to ulike prisar for journalistikk: ein ordinær journalistpris, og ein for årets historiefortelling. Årsslutt er ei god tid å sjå tilbake på arbeidet du og kollegaene dine har gjort i året som gjekk, og sende dei beste historiene og viktigaste sakene inn til juryering.

I journalistprisen ser juryen etter ein journalist eller ei lokalavis som har utført samfunnsoppdraget på ein eksemplarisk måte. Årets historiefortelling skal gå til ein journalist eller ei lokalavis som har gjort seg bemerka med ei viktig og godt fortald historie.

Les meir om kategoriane og send inn bidrag til lokalaviskonkurransane her.

Premiert for «ti år etter»-magasin

I fjor vart journalistprisen delt mellom Hallingdølen for spesialutgåva om 22. juli – og Sara Finne med kollegaer i avisa Hordaland for sakene om pasientreiser med Christiania Taxi. Heiderleg omtale gjekk til Karin Flølo, Cathrine Kahrs, Arnfinn Storsveen og Gøril Huse i Klar Tale og Ane Vaet, Emil Nyeng, Jonas Oden Ulset og Tone Sidsel Sanden i Dølen.

Om Hallingdølens spesialutgåve om 22. juli skreiv juryen blant anna:

Ti år etter maktar prisvinnaren å presentera forteljingar som ikkje er fortalde før. Dei har funne fram til fleire personar, også frå eige nedslagsfelt, som var der, som kjende terroren på kroppen så å seia. Gjennom glitrande historieforteljing, framifrå design og mange gode bilete, både frå Oslo i minutta etter åtaket, og frå Utøya – der førstesida og den vakre bruken av talet 22 er verdt ein pris i seg sjølv, har avisa levert noko som berre vil bli viktigare i åra som kjem – og det langt utanfor eige nedslagsfelt.

Premiert for avdekking av uforsvarlege pasientreiser

Sara Finne og kollegaer i Hordaland fekk prisen for korleis dei i ein serie artiklar dokumenterte at pasientreisene med Christiania Taxi på Voss ikkje fungerte, og nokon gongar var livsfarlege. Etter fleire alvorlege enkelthendingar følgde journalisten fleire spor for å kartleggja omfanget av problemet. Juryen skreiv mellom anna:

Ho sjekka klagestatistikken som gjekk rett til vêrs og møtte helsepersonell og politikarar. Gjennom å søkja innsyn i klager, i møtereferat og i kontraktar dokumenterte journalisten at problema var på systemnivå. I januar i år fekk ikkje taxiselskapet forlenga kontrakten. Gjennom å vera imponerande uthaldande, sørga for kjeldebreidde og dokumentasjon, og heile tida halda brukarane i sentrum, har journalistar og redaktøren i avisa Hordaland oppfylt samfunnsoppdraget på førebiletleg vis.

Hordaland bad om innsyn i ei rekkje dokument som til dømes pasientreisekontrakt, klagetal og møtereferat mellom Helse Bergen og Christiania Taxi.

Fekk heider for dokumentanalyse

Karin Flølo, Cathrine Kahrs, Arnfinn Storsveen og Gøril Huse i Klar Tale fekk heiderleg omtale for graveprosjektet «De som ikke forsto» om Nav-skandalen. Gjennom tekstanalyse av 77 dommar viste avisa kor mange av dei dømte som sa at dei ikkje forsto eller hadde fått med seg reglane dei seinere blei dømte for å ha brote.

Klart Tale avdekte at nesten éin av tre Nav-dømte ikkje forsto reglane. Dette hadde vore eit tydeleg tema i 25 av 77 dommar.

Fekk heider for Folkevandringa-saker

Ane Vaet, Emil Nyeng, Jonas Oden Ulset og Tone Sidsel Sanden i Dølen fekk heiderleg omtale for å setje søkelys på konsekvensane av at det blir fleire eldre og demente i eit lokalsamfunn. Redaksjonen såg eldre- og helsebølgja i samanheng med sjukepleiarmangel og deltidsjobbar til sjukepleiarar, og dei rekna ut kor mange kilometer helsearbeidarane i heimetenesta køyrer. Sakene sprang ut frå Den store folkevandringa-prosjektet.

Dølen fekk mellom anna innsyn i køyrelistene til dei tilsette i heimetenesta, og intervjua nokon som bur så usentralt at dei kanskje vil måtte flytte på omsorgsbustad nærare sentrum om dei får behov for heimetenester.