LLA og lokalavisene er no i gang med lokal handel-arbeidet. Vil inspirere avisene

LLA har presentert sitt handle lokalt-arbeid for lokalavisene. Rundt 60 avismedarbeidarar var nyleg med på introduksjonssamlinga på nett. Her finn du meir om det vi gjer no:

Lokal handel-satsinga som Landslaget for lokalaviser (LLA) introduserte fredag, er delvis for redaksjonane, delvis for markedsmedarbeidarane i lokalavisene. Målet er at alle skal få meir kunnskap og inspirasjon om noko som betyr mykje både for lesarane og annonsørane.

– Redaktørane og journalistane skal få inspirasjon og tips til å lage enda fleire gode, uavhengige og spennande saker om nettopp lokalt næringsliv og varehandel. Det gjer vi fordi avisene også har eit ansvar for å spegle denne delen av lokalmiljøet, men også fordi vi ser at næringslivsstoff er blant det som engasjerer lesarane mest, sa LLAs generalsekretær Tomas Bruvik då han introduserte LLAs handle lokalt-arbeid.

Han understreka at avisenes dekning av lokalt næringsliv og lokal handel sjølvsagt framleis skal gjerast innanfor dei presseetiske rammene, blant anna godt nedfelt i Vær varsom-plakaten.

Betre rådgjevarar

Dei som arbeider med marked og annonser i lokalavisene, skal få kompetanse og inspirasjon – for å bli enda betre rådgjevarar og samtalepartnarar for lokale butikkar.

– Markedsmedarbeidarane i lokalavisene kan jo mykje om handel og markedsføring den dag i dag, men gjennom lokal handel-satsinga håper vi å kunne ta eit par steg vidare. Vi skal blant anna grave fram meir varehandelkunnskap, slik at markedsmedarbeidarane i avisene kan bli enda betre rådgjevarar for lokale bedrifter og annonsørar, sa LLAs markeds- og informasjonssjef Geir K. Hus. Han la til at medarbeidarane ute i lokalavisene også er kjente for å dele erfaringar og idear. No legg LLA til rette for å dyrke dette enda meir:

– LLAs handle lokalt-satsing blir ein kurs- og inspirasjonsserie på nett minst éin gong i månaden, der vi mellom kvar nettsamling fyller på med nyttig kunnskap, idear og oppskrifter i LLAs idébank. Eksempelvis har vi med oss litt inspirasjon frå Stangeavisa på første samling, i andre runde har vi med oss Rune Henden som arbeider for Fjordenes Tidende og andre Polaris-aviser. Henden skal blant anna gi oss litt av det som var meint som landsmøteforedrag om lokal handel, seier Geir K. Hus. Den samlinga er for markedsmedarbeidarane og skal vere torsdag 19. november klokka 11.00, påmeldingsfrist dagen før. Meir informasjon her.

LLA arbeider også med ein haldningskampanje som skal gå både på nett og i papirutgåvene gjennom vinteren. Den starter truleg i veke 48.

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland helsa til LLA og lokalavisene gjennom eit videoinnslag då vi døpte prosjektet. Statsråden meiner også at lokalavisene og lokalbutikkane på mange måtar er i samme båt og har felles interesse av at det går bra med næringslivet i distrikta. Sjå helsinga i videoinnslaget øverst i artikkelen.

Her ser og høyrer du redaktør Lars Kristian Seierstad i Stangeavisa som fortel kvifor lokalavisa skriver om lokalt næringsliv og lokale butikker:

Sjekk LLAs idébank for inspirasjon, idear og kunnskap om lokal handel.

Og her finn du lokale handelstall for avisas dekningsområde.

To skjermdumpar frå SSBs nettsider: