Når folk snakker saman, kjem det ofte nye gode idear og løysingar på bordet. For ei vekes tid sidan drodla gjengen i Bø blad med gjengen på Midt-Telemark bibliotek. Resultat: I går kom «hentebiblioteket» i gang. Folk kan reservere bøker på nettet. To dagar i veka kan dei hente posen med bøkene i eller utanfor biblioteket i Bøgata eller i Gvarv.
– Etter at biblioteket og vi bestemte oss for å prøve dette, snudde vi oss fort rundt. Eg løp ut og tok bilde av dei tilsette på biblioteket, og vår grafiske formgjevar Dag Einar Hvitsand sydde saman annonsen. For eit par dagar sidan hadde avisa ein artikkel om det nye tilbodet (pluss-sak), og i dette døgnet står den første annonsen på trykk i papirutgåva vår (bildet over), seier salgsansvarleg Rune Digranes Bøen i Bø blad. I finvêret observerte han minst 20 bæreposar med bøker på fortauet utanfor biblioteket!
– Dette er jo berre eitt døme på at vi må tenke nytt når annonsemarknaden er så vanskeleg som den er for tida. Også vi slit med annonseinntektene no, men vi må i det minste gjere så godt vi kan, seier Digranes Bøen.
Artikkelen held fram under bildet.
Rune Digranes Bøen (bildet) er også glad for at handelsstanden bruker lokalavisa for å minne folk om at det er viktig å handle lokalt. «Sentrumsringen» kjører fleire ulike annonser både på nett og i papirutgåvene for tida. Samarbeidet mellom lokalavisa og dei lokale butikkane skal halde fram i lang tid.
– Så er det jo 1. mai om ei vekes tid. Sjølv om ikkje alle arrangement går som planlagt, kan det jo hende at fagbevegelsen og/eller politiske parti likevel vil ut med eit bodskap. Eg har i alle fall fått minst èi bestilling på ei heilside i neste veke, seier salgssjefen i Bø.
Lokalavisa kjører også i gang egne annonsekampanjar. Blant anna vil avisa gjere synleg forskjellen på sosiale medier og tradisjonelle redaktørstyrte lokalaviser. Bø blad skal snart også minne annonsørane om at mange folk også får att skattepengar i desse dagar og at det derfor kan vere lurt å annonsere meir i vekene som kjem.
– Vi gjer vårt beste saman med lokale annonsørar og andre gode krefter i lokalsamfunnet, seier salgssjefen i Bø blad.
Begge annonsene frå Bø blad kan lastes ned som pdf-filer under her.
Har du også tips, idear og eksempel på markedsaktivitetar som er verdt å dele i LLA-familien i desse dagar? Send gjerne eksempler og erfaringar til geir@lla.no.
Her kan du lese tidlegare saker i idébanken om muligheter i tøffe tider:
Får kommunar og nye annonsørar med på laget.
Butikkstoff er godt lesestoff.