Bø og Sauherad har slått seg saman til Midt-Telemark kommune. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand, grafikar i Bø blad.
Bø og Sauherad har slått seg saman til Midt-Telemark kommune. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand, grafikar i Bø blad.

Laga samanslåingsavis for ny kommune

Bø kommune har blitt slått saman med Sauherad, og Bø blad har utvida dekningsområdet. I ei eiga samanslåingsavis vert lesarane kjende med den nye kommunen.

119 kommunar var del av kommunesamanslåingane 1. januar 2020. To av dei var Bø og Sauherad som vart til Midt-Telemark kommune. 2. januar kom Bø blad med ei eiga samanslåingsavis.

– Med denne avisa ville me som lokalavis lage eit historisk dokument som skal sjå både bakover, framover og ta tempen på nåtida, fortel redaktør Hilde Eika Nesje.

Bø blad har laga ei allsidig avis med artiklar vinkla på ungdom, eldre, natur, historie, geografi, økonomi, politikk, kultur, skule, språk, infrastruktur, kulturminne, frivillig arbeid og næringsliv. Dei presenterer det nye kommunestyret, ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for funksjonshemma, syner fram det nye ordførarkjedet med forklaring på alle symbola, og fortel historia om korleis den nye kommunen vart til. Dei tre felene i det nye kommunevåpenet kan representere spelet, dansen og felemakeriet, og Bø blad har intervjua utøvarar innan alle dei tre greinene.

Avisa vart på 80 sider, med 35 annonsesider. Det vart altså godt med annonser på ein dag det elles ville vore litt skrantent. Avisa blei distribuert i 11.500 eksemplar – fulldistribusjon i Midt-Telemark kommune, samt til naboane i Nome og Seljord kommune.

Her kan du sjå eit utval av sidene i avisa.

I samband med kommunesamanslåinga har dessutan Bø blad endra namn til «Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark». No dekker dei heile den nye kommunen. Sauherad har tidlegare vore ein såkalla «kvit flekk» på lokalaviskartet, og har med dette fått eiga lokalavis.

– Det er vårt oppdrag og mål å vere ei god avis for heile den nye kommunen framover, kommenterer Hilde Eika Nesje.

BøGullsmed Gunnbjørg Listog har utforma og laga det nye ordførarkjedet til Midt-Telemark kommune. Bø blad syner kjedet og tek med Listog si forklaring på symbola.

Os og Fusaposten laga samanslåingsmagasin i haust. Magasinet kom ut 60 dagar før Os og Fusa vart slått saman til Bjørnafjorden kommune. Gjennomgangsmelodien i magasinet var eit næringsliv, ein handelsstand, ungdomar, kommune og kulturfelt som var innstilt på å ta med seg det beste frå Os og Fusa.