Kommunane i Vest-Telemark får 11,6 krisemillionar. Illustrasjon: Vest-Telemark Blad.
Kommunane i Vest-Telemark får 11,6 krisemillionar. Illustrasjon: Vest-Telemark Blad.

Kva får kommunane – og kor mykje treng dei?

Vest-Telemark Blad viser oversikta over kor mykje dekningskommunane får av dei statlege krisemillionane. Dei har og spurt kommunane om oversikt over meirutgifter og inntektssvikt.

Stortinget har vedtatt å auke rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane med 6,15 milliardar kroner. 4,9 milliardar går til kommunane. Éin milliard kroner skal kome som kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling i barnehage og skulefritidsordninga. Desse midlane vert etter planen fordelt 4. mai, medan løyvde summar til kommunane sine meirutgifter skjer ved ei ekstraordinær utbetaling nå.

På oppdrag frå departementet har Fylkesmennene i landet bede kommunane innan 15. april kome med anslag på meirutgifter fram til 12. april knytt til koronautbrotet. Vest-Telemark Blad har på førespurnad(+) fått svar frå fem av kommunane i Vest-Telemark kva dei har hatt av meirutgifter, i tillegg til inntektssvikt. Kommunane har mellom anna opplyst om utgifter til datautstyr, auke i sosialhjelp og barnevern, auka reinhald, personalkostnader knytt til karantener etter utenlandsbesøk, nedgang i inntekter på legekontora og nedgang i aktivitet hjå plankontoret.