Fotograf Ingerid Jordal planlegg digital fotoutstilling. Dette biletet synar Ryan Pankratz i Seattle, ¼ nordmann med forkjærlighet for vikingar, middelalder og Hollywood-versjonen av Norge. Foto: Ingerid Jordal
Fotograf Ingerid Jordal planlegg digital fotoutstilling. Dette biletet synar Ryan Pankratz i Seattle, ¼ nordmann med forkjærlighet for vikingar, middelalder og Hollywood-versjonen av Norge. Foto: Ingerid Jordal

Kulturen lever vidare digitalt

Det tradisjonelle kulturlivet har kanskje gått i dvale, men på digitale flater blomstrar det av nye initiativ. Her er nokre tips til kulturjournalistikken framover.

No må du følgje med digitalt for å få med deg det som skjer av lokale kulturarrangement. Alt frå gudstenester til konsertar vert no erstatta av digitale alternativ. Om det er vanskeleg å halde seg oppdatert kan det vere nyttig å alliere seg med nokon som er kulturinteresserte og har tid til å følgje med. Her er nokre døme på nye initiativ:

Facebook-sida Brakkesyke 2020 er ein virutell konsertstad der folk streamer seg sjølv i eigne studio eller stover. Det same gjer Ta:lik Records på si Facebook-side. I Facebook-gruppa DigitalScenen vert det streama både konsertar, føredrag, førestillingar og andre kulturarrangement.

Hallingdølen laga sak om Herbjørn Lihagen som var først ute med Facebook-konsert hjå Ta:lik Records. Vaktsjef Embrik Luksengard forklarer at dei no først og fremst dekkjer kulturfeltet som resten av samfunnet.

– Kulturfeltet er veldig hardt ramma, så vi jobbar med nyheitssaker om feltet. Samstundes har kulturaktørane framleis ting på gang, sjølv om arrangement blir kansellerte, seier han.

Mange kunstnarar og artistar tek eigne initiativ for å nå ut. Søndag hadde forfattar og tidlegare Sunnhordland-journalist Anders Totland høgtlesing frå boka si live på Facebook.

Frilansfotograf (tidlegare fotojournalist i avisa Hordaland) Ingerid Jordal skulle på turné med den fotojournalistiske utstillinga «Den amerikanske draumen om Norge». No planlegg ho heller ei digital visning, med opning 15. april kl. 12 på internett. Det skal ho få til ved å hengje opp bileta som planlagt på Vestnorsk utvandringssenter, filme staden og bileta og publisere ein video med høve til å bremse opp om ein vil sjå nærare på noko. Ho vil leggje på amerikanarmusikk av musikaren som skulle opne utstillinga.

– På denne måten får både museet og musikaren merksemd sjølv om dei mister avtalene sine, seier Jordal.

Les også om Ingerid Jordal sine planar i denne saka i Journalisten.