Kvinna som sto fram i Kvinnheringen har framleis utfordringar ti år etter at ho hadde ei dramatisk oppleving på jobb for kommunen. Foto: Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen
Kvinna som sto fram i Kvinnheringen har framleis utfordringar ti år etter at ho hadde ei dramatisk oppleving på jobb for kommunen. Foto: Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

Kommunen tok ikkje varslarane på alvor

Kvinnheringen fekk pris for avsløringane sine av at kommuneleiinga bagatelliserte varsel om alvorlege hendingar.

I fjor avdekka Kvinnheringen at kommunen ikkje hadde stilt opp for tilsette som hadde hatt alvorlege opplevingar på jobb, og at varslarar ikkje vart høyrt. Avisa avslørte og at kommunen hadde forsøkt å påleggje ein tilsett livslang munnkorg.

Les ei av sakene her (PDF).

Sakene i Kvinnheringen førte til at kommuneleiinga takka og bad om orsaking til namngjevne tilsette. Det vart óg bestilt ein varslingsrapport, som mellom anna viste at Kvinnherad kommune ikkje i tilstrekkeleg grad har lagt til rette for ein kultur der tilsette opplever at det er trygt å varsla.

Varslingsrutinene var allereie tema for kontrollutvalet i Kvinnherad kommune, men sakene i Kvinnheringen gjorde at arbeidet fekk sterkare fokus.

Kari Gåsemyr frå Deloitte orienterte om funna i rapporten om kommunen sine varslingsrutiner. Foto: Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

Følgde ikkje opp

Det var etter eit drap på eit NAV-kontor i Bergen i fjor at journalistane Trude Aarsand og Elisabeth Berg Hass i Kvinnheringen kontakta ei kvinne som hadde vore utsett for ei alvorleg hending på vaksenopplæringa ti år tidlegare. Då fekk dei vite at kvinna hadde fått posttraumatisk stressyndrom etter hendinga, og at ei viktig årsak til problema hennar var måten kommuneleiinga behandla henne etter hendinga.

Etter den første saka fekk journalistane høyre om andre historier, og to til stod fram med sine opplevingar. Ei kvinne hadde opplevd at det vart bagatellisert at ho hadde vorte truga på livet då ho var på jobb. Ei anna hadde fleire gonger varsla om alvorlege saker, og fått kjensle av at ho personleg vart sett på som eit problem, medan problema ho peikte på ikkje fekk særleg merksemd.

Årets prosjekt

Sakene i Kvinnheringen vart nyleg kåra til Årets prosjekt i Haugesund Journalistlag. Juryen skreiv:

Vinnarane i kategorien Årets prosjekt har gått inn i ei vanskeleg materie. Å melde frå om dårlege forhold på arbeidsplassen sin, er aldri lett. Og i ein mindre kommune der mange kjenner kvarandre, kan det verke ekstra belastande å skulle seie frå. Journalistane har tydeleg opparbeidd seg tillit hos kjelder som lenge har halde stilt om vanskelege opplevingar. På denne måten har dei belyst at kommunen ved fleire høve ikkje har stilt opp for sine eigne tilsette. Dei har også kunna avsløre at kommunen har teke grep for å få tilsette til å teie. Sakene er følgt opp politisk som har gjort at rutinar blir gjennomgått og at temaet har fått auka merksemd.