Det ligg eit slør av mystikk over huset som har stått tomt i mange år. Foto: Kristoffer Nærø Ytterland
Det ligg eit slør av mystikk over huset som har stått tomt i mange år. Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

Historia bak spøkelseshuset

Kven vil vel ikkje lese om det lokale spøkelseshuset? Vestlandsnytt har intervjua dei siste borna som budde i den forlatne heimen på ein holme i Herøy. God digital presentasjon bidreg til å gjere dette til ei fin lesaroppleving.

På ein veglaus holme utanfor Berge i Herøy står eit nesten hundre år gammalt tomt hus omgitt av overgrodd, freda natur. Eit mystisk, spennande objekt for hobbyfotografar og spøkelseshistorier. Det er nok få som kjenner den eigentlege historia bak slike forlatne heimar. 

I Vestlandsnytt får vi historia bak «spøkelseshuset», fortald av dei siste barna som vaks opp der på Krøkja. 

Saka er skrive av journalist Josefine Spiro, og bileta av huset et teke av fotograf Kristoffer Nærø Ytterland.

Dei to søskena som no er i starten av 70-åra, viser seg å ha ei idyllisk historie å fortelje, om barndomsår fulle av liv og rampestreker – ikkje ulikt tilstandane i «Emil i Lønneberget» og «Vi på Saltkråkan». Dei har og bilde å vise av korleis huset såg ut den gongen det budde folk der.

Utan bru vart det etter kvart for tungvindt å kome seg til jobb og skule kvar dag, og før den yngste på holmen skulle byrja på skule flytta familien frå holmen. Dei leigde huset ut i åtte-ti år, men etter det vart det ståande tomt og bygningane vart vandaliserte. Dei hadde stadig ubodne gjester, og måtte til slutt tømme huset og la det stå til forfall. 

Dei ni slektningane som no eig huset, har søkt om støtte til å restaurere huset, og dei har søkt om å få byggje nytt. Begge gonger var svaret skuffande. Dermed står huset framleis til forfall, men kanskje har reportasjen i Vestlandsnytt letta litt på sløret av mystikk. 

Vestlandsnytt har nytta det digitale verktøyet Shorthand som gjev historia eit velfortent visuelt løft. 

– Vi brukar Shorthand ein del, og det har vi fått gode ord om. Litt arbeidskrevjande, men til litt meir omfattande og ekstraordinære saker er det greitt å bruke gode verktøy, kommenterer redaktør Endre Vorren. 

Shorthand kan fungere godt til ulike typar saker som ein vil gje litt ekstra merksemd. Vestlandsnytt nytta det mellom anna til ei sak som sist fredag fekk heiderleg omtale i Norsk Journalistlag Møre og Romsdal si prisutdeling. Saka Dei gløymde barna (+) av journalist Josefine Spiro handlar om kritikkverdige tilhøve ved ein kommunal avlastingsbustad for born med ein ganske annan oppvekst enn den på Krøkja.

Vestlandsnytt-journalist Bjørnar Torvholm Sævik fekk òg heiderleg omtale under prisutdelinga, i kategorien foto for biletet «Kanosabotøren», eit actionbilete frå ein sommarleir for skulebarn.

Bjørnar Torvholm Sævik fekk heiderleg omtale for dette sommarbiletet i Norsk Journalistlag Møre og Romsdal si prisutdeling.