Os-og-Fusa-U18

Heiderleg omtale for digital ungdomssatsing

Os og Fusaposten fekk heiderleg omtale i «Årets digitale satsing» for U18 Rein lidenskap – eit prosjekt som fekk inn over hundre bidrag frå ungdom som brenn for sin store lidenskap.

Os og Fusaposten fekk heiderleg omtale i «Årets digitale satsing» for U18 Rein lidenskap – eit prosjekt som fekk inn over hundre bidrag frå ungdom som brenn for sin store lidenskap.

Os og Fusaposten samarbeidde med dei lokale ungdomsskulane om prosjektet. Målet var å løfte fram ungdom og deira lidenskapar (ikkje nødvendigvis det største talentet), vise breidda som finst av fritidsaktivitetar, kome tettare på ungdomen og auke lesartal og engasjement blant den yngre garde.

Avisa inviterte ungdommar til å fortelje kva dei brenn for, og gjerne leggje ved ein video. Sjå første presentasjon av prosjektet her. Det kom inn rundt hundre bidrag, og det vart plukka ut seks finalistar som vart presenterte i kvar sin reportasje på Os&FusaTV. Deretter kunne publikum stemma fram ein vinnar av 10.000 kroner. Over 11.000 stemmer kom inn, og røyste-saka på osogfusa.no var den tredje mest leste saka på nettstaden i heile 2018, trass i at denne låg ute i berre éi veke.

Her kan du lese om vinnaren.

Prosjektet hadde støtte frå Medietilsynet. Det lokale kulturhuset sa ja på ståande fot til å vere annonsør.

Juryens grunngjeving:

«Avisa har gjennom ei av sine største digitale satsingar i 2018 valt å vende seg til, og løfte fram den lokale ungdommen – framtidas kundar. Gjennom TV-reportasjar med høg kvalitet på både produksjon, historieforteljing, visuelle element og lyd, har avisa skapt stort engasjement blant lesarane og stor trafikk til nettsida si. Med støtte frå Medietilsynet, samarbeid med dei lokale ungdomsskulane og annonsør, viser avisa at dei evnar å utnytte moglegheitene som finst til å løfte fram journalistikken.»

Juryen har bestått av Erik Waatland, Medier24, Hanne Lund-Nilsen, Institutt for journalistikk og Mina Liavik Karlsen, Faktisk.no.