Hallingdølen med podkast-serie om trippeldrapet på Geilo

I dag lanserte lokalavisa Hallingdølen si nye podkast-satsing «Røynda». Første sending er om trippeldrapet på Geilo som i 2002 rysta folk i Hallingdal og resten av landet. I lokalavisas podkastserie får du møta dei som var tettast innpå tragedien.

Hallingdølen startar dermed si nye podkast-satsing «Røynda» med ei svært sterk historie som råka lokalmiljøet for tjue år sidan. Når avisas journalistar Anna Huseby og Elias Dahlen no har tatt tragedien fram att, har dei gjort det på ein skånsam måte, der lokalavisa har snakka med familiemedlemer, vener og andre som måtte takle drapa.

Hallingdølens podkast-satsing blei markert på ei tilstelling for alle tilsette på avishuset på Ål i dag tysdag (bildet). Ansvarleg redaktør Lillian Holden roste Anna Huseby og Elias Dahlen for jobben dei har gjort. Holden ser premieren som ein milepæl i Hallingdølens historie:

– Det er første gong me fortel ei historie via lyd. Elias og Anna har gjort ein fantastisk jobb, og rett og slett drive nybrotsarbeid det siste halvåret. Eg er mektig imponert over kva dei har fått til. No håpar me at lesarane våre set pris på det me har laga, og er klare for å få Hallingdølen også via lyd. Det vil kome fleire podkast-satsingar frå oss utover året, seier ho.

Du kan lytta til Hallingdølens podkast-serie «Røynda» på alle vanlege podkast-plattformer, blant anna Spotify. Alle episodane ligg også ute i nettavisa til Hallingdølen.

Etter premieren i dag 14. februar hadde vi i LLA ein kort prat med Anna Huseby og Elias Dahlen i avisas eige studio – om nettopp podkastserien og avisas nye satsing på lyd. Under her kan du høyre heile innslaget.

I intervjuet seier journalistane at dei gjennom samtalane med dei pårørande har opplevd mykje varme som aldri havna på førstesidene til avisene i 2002. Anna Huseby og Elias Dahlen har også lært at dei ikkje må vere redde for å spørje folk om å fortelje, sjølv om det er vonde historiar. Serien handlar mest om korleis folk har takla tragedien.

– Det er mykje visdom i desse forteljingane, seier Huseby og Dahlen.

«Røynda» skal handle om små og store saker frå Hallingdal. Blant anna reknar avisa med å sende ein del frå kommunestyrevalet til hausten.

Trykk her, eller på videobildet øverst i saka, for å høyre LLAs ca 8 minuttar lange samtale med journalistane om podkastserien.

Her kan du lese Hallingdølens eigen omtale av podkast-satsinga.

I Hallingdølen kan du også lese meir om dei som stod tett på Geilo-tragedien. I samme sak finn du lenke til alle podkast-episodane om trippeldrapet.

Anna Huseby og Elias Dahlen: – Vi har opplevd mykje varme som aldri havna på førstesidene til avisene i 2002.

Redaktør Lillian Holden: – No håpar me at lesarane våre set pris på det me har laga, og er klare for å få Hallingdølen også via lyd.