«Alle i juryen har lyst til å søka jobb i lokalavisa», skreiv juryen om vinnaren av Marknadsprisen, Hordaland Folkeblad (HF). Og:
«Medarbeidarane i lokalavisa er svært kreative, dyktige og ikkje minst; dei forstår veldig godt marknaden og kundane sine behov. På nesten alle flater, både gjennom eigne kanalar og andre plattformer, bidrar avisa til å få ut bodskapen til annonsørane.»
HF Reklame driv mellom anna innhaldsmarknadsføring, eigne kanalar i sosiale medium, julekalender.
Eit døme på ein kunde som har fått mykje hjelp av Hordaland Folkeblad er Hardangerbadet. HF Reklame laga ein markandsplan for å gjera badet meir kjent både blant bygdefolket og utanfor Kvam. Dei hadde papirannonsar i utvida distribusjonar og webannonsar som nådde eit større publikum gjennom Premium Norge. Samarbeid med Agderposten gav tilgang til annonseplass hjå Schibsted-aviser og Polaris-aviser på nett.
Hardangerbadet fekk ta over Instagram-kontoen til HF Reklame, Bygdavrimmel, slik dei tilbyr ulike annonsørar utan ekstra kostnadar.
Se dette innlegget på Instagram
Bygdavrimmel blir og brukt til eigenreklame, gjerne med eit personleg glimt i auga:
Se dette innlegget på Instagram
HF Reklame laga også ein større marknadskampanje for VVS-bedrifta Tecno som mellom anna ønskte merksemd om «Tett bad i 10 år»-garantien som kundane får dersom Tecno har ansvar for heile byggjeprosessen. HF Reklame følgde ei totalrenovering av eit bad frå start til slutt og laga innhaldsmarknadsføring til papiravis, nettavis, Instagram og Tecno sine nettsider.
– Vi var innom prosjektet tre gongar i løpet av oppussingsperioden, fortel grafisk designar Kristina Sofie Kvåle.
Resultatet var mellom anna ein video. Heile videdoproduksjonen inkludert planlegging, produsering og redigering tok ikkje mer enn to arbeidsdagar, anslår ho.
– Vi hadde planlagt godt på førehand, så sjølve opptaka tok ikkje lang tid.
Sjå fleire gode marknadsidéar i LLAs nye idéhefte.