Fjuken har mellom anna intervjua Bjørn Kåre Odde om å vere psykisk sjuk. Foto: Hans Erik Kjosbakken
Fjuken har mellom anna intervjua Bjørn Kåre Odde om å vere psykisk sjuk. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Fjuken: Vil ufarleggjere psykisk sjukdom

– Ein må på eit vis ufarleggjere det å vera psykisk sjuk. Ein må tore å vera sårbar og vere open om det, seier ein av dei Fjuken har intervjua om mental helse.

Fjuken har i tre nummer før jul sett fokus på psykisk helse.

– Å vere psykisk sjuk er framleis skambelagt, og eg tykkjer det er viktig at lokalavisene tek opp dette. Det hjelper kanskje betre at «ein av oss» står fram i lokalavisa, enn at ein les om rikskjendisar i rikspressa, seier redaktør Hans Erik Kjosbakken.

Første saka i serien var intervju med ein kjendis (i alle fall i folkemusikkmiljøet). Han fortel om livet med bipolar liding, som har veksla mellom periodar i djupe dalar med angst og depresjon, og periodar på høge tindar med fantastisk kreativitet og kapasitet. Han fortel også om korleis det har vore å snakke ope om sjukdomen:

Det at eg har vore open har utelukkande vore positivt. Det har vorte lettare for folk nær meg å støtte meg og vere nysgjerrige.

Fjuken har også prata med ei fembarnsmor som er bipolar, og dei skal avslutte miniserien med ei sak om ei som har vorte feilbehandla, og faktisk mista 20 år av livet sitt.

Les heile saka om folkemusikaren.