Folkevandringa-Grannar-1

Få utflyttarar kjem tilbake

Grannar har undersøkt kor mange som kom tilbake av dei som flytta ut etter 2006. Svaret er: knapt ein av fem.

Før var jobb den vanlegaste grunnen til å flytte, men i dag er det gjerne meir for å få eit nytt nettverk og kome nærmare familie som er viktig. Og skal eit par flytte mindre sentralt, er det som oftast der den eine er frå.

Det fortel seniorforskar Astri Syse i Statistisk sentralbyrå til Grannar. Ho var med i utvalet som ei stund før jul i fjor leverte ei offentleg utgreiing om demografiutfordringar i distrikta: «Det handler om Norge» (NOU 2020:15).

– Vi veit også at til lenger dei unge reiser for å ta utdanning, til mindre sjanse er det at dei kjem tilbake. Det er eksempelvis ein viktig grunn til å ha medisinutdanning i Tromsø, seier Syse.

Grannar har funne eit døme på eit par som har flytta mindre sentralt – dit ein av dei kom frå. Det vart mogleg på grunn av at heimekontor er blitt den nye normen.

Dei har også intervjua ein tilflyttar som kom på grunn av kjærasten, og eit par som etter nokre år i Oslo kom tilbake til Vestlandet – men ikkje til Vindafjord. Dei valde å busetje seg i Haugesund.

Grannar har tabellar som viser kvar folk har vald å flytte til. Dei har også tal på kor mange som har kome tilbake.

Færre enn éin av fem som flyttar ut av Vindafjord, kjem tilbake på eit seinare tidspunkt. Statistikk Grannar har fått tilgang til, viser at det er minst sjanse for at personar kjem tilbake til Vindafjord dersom dei har flytta til Karmøy og Tysvær. Og størst sjanse dersom dei har flytta til Haugesund eller Stavanger.

Neste tema Grannar skal ta opp er innvandring.

Her kan du sjå sakene i Grannar.