Få kommunar hadde nedgang i klimagassutsleppa frå 2020 til 2021, men dei fleste har redusert utsleppa om ein ser ti år bakover.
Få kommunar hadde nedgang i klimagassutsleppa frå 2020 til 2021, men dei fleste har redusert utsleppa om ein ser ti år bakover.

Få kommunar hadde nedgang i utsleppa i 2021

Denne veka kom det nye tal for klimagassutslepp i kommunar. Sjekk korleis utsleppa i din kommune har utvikla seg.

Miljødirektoratet har publisert nye utsleppstal for kommunar og fylke. Klimagassrekneskapen viser korleis utsleppa har utvikla seg frå 2009 til 2021 innanfor kommunegrensene, fordelt på ni ulike sektorar.

Vegtrafikk var mellom verstingsektorane i Voss herad, skriv avisa Hordaland (+). Journalist Stine Carlsen har intervjua ordføraren, som seier at utsleppa frå vegtrafikken er utfordrande, sidan all trafikk gjennom heradet tel med på rekneskapen. På andre felt har han større optimisme til lokale tiltak.

– Voss har potensial til å gå i front på fleire felt, slik som eit berekraftig reiseliv og eit landbruk der både biogass og karbonfangst i landbruket er spennande prosjekt som kan ha stor positiv effekt, seier han. Han trekkjer og fram den nye klimaplanen til heradet.

Avisa Hordaland har også samanlikna utsleppa fra Voss med nabokommunane.

Her kan du samanlikne utslepp frå fleire kommunar.

Reduserte utslepp frå sjøfart og frå kvotepliktige anlegg i industri var hovudgrunnen til utsleppsreduksjonar i dei kommunane som hadde størst nedgang frå 2020 til 2021.

Ein del av kommunane har redusert utslepp frå personbilar og i avfall- og avløpssektoren, men auke i utslepp frå tunge køyretøy, oppvarming og dieseldrivne motorreiskapar, førte til at dei totale utsleppa ikkje vart reduserte i 2021 for fleirtalet av kommunane.

Utsleppa er likevel reduserte dei siste ti åra i dei fleste kommunane.

– Kommunane speler ei sentral rolle for å få ned Noregs utslepp av klimagassar. Både når dei jobbar med å redusere utslepp frå kommunen si eiga drift, og når dei legg til rette for eit meir klimavennleg næringsliv og lokalsamfunn, seier miljødirektør Ellen Hambro i denne nyheitssaka på Miljødirektoratet sine nettsider.