På søndag er det eitt år til valdagen. Bladet Tysnes markerer dette med fleire interessante saker om valet. Journalist Helen Frøyseth har mellom anna intervjua valforskar Johannes Berg ved Institutt for samfunnsforskning. Han deler sine tankar om kva som kan spele inn på valresultatet og valdeltakinga, både generelt og på Tysnes spesielt.
Lokale arbeidsplassar viktig
Han innleier med å presisere at det heilt sikker vil dukke opp saker som me ikkje har tenkt på enno, på same måte som bompengar fekk stor merksemd i 2019.
I komande valkamp trur han straum- og energiprisar vil vere viktig, om ein ikkje har funne ei løysing på dette. Lokalt på Tysnes trur han skulestruktur, Hordfast og det moglege bortfallet av fritt behandlingsval kan skapa protest og mobilisering.
– Er det noko som påverkar arbeidsplassar lokalt, som til dømes bortfallet av fritt behandlingsval og nedlegging av arbeidsplassar, vil det absolutt kunna påverka lokalvalkarnpen og setta Ap og Sp sine representantar lokalt i ein skvis. Det vert ein vanskeleg situasjon for dei, og ei vinnarsak for Høgre, trur Bergh.
Han trur og at regjeringspartia sin reduserte oppslutnad nasjonalt vil påverka lokale valresultat.
Her kan du lese heile intervjuet med valforskaren (PDF).
Ei småbarnsmor i kommunestyret
Bladet Tysnes har og undersøkt kor mange småbarnsmødrer det er i kommunestyret. Svaret: Ei.
Etter at Une Aina Bastholm trekte seg som MDG-leiar for å få meir tid til borna, sa Venstre-leiar Guri Melby på Dagsnytt 18 at det nesten er vanskelegare å vere lokalpolitikar enn å sitja på Stortinget på grunn av alle kveldsmøta.
Tysnes har eit større intervju med den eine småbarnsmora, som er Høgre sin ordførarkandidat før neste val. Ho fortel om utfordringane, men òg om korleis partiet har lagt til rette for at flest mogleg skal kunne delta aktivt, og andre grep ho trur kan gjerast for å få fleire småbarnsforeldre til å sjå det som aktuelt å engasjere seg.
Den 25 år gamle kvinna er i nominasjonsnemnda i Tysnes Høgre. Ho trur at det å få fleire unge inn i politiske verv, på sikt kan bidra til at fleire er aktive også når dei får born.
Vidare har Tysnes intervju med partileiaren i Tysnes SV, som er godt i gang med å fylle nominasjonslistene. Tysnes SV har som mål at annakvar kandidat på lista er kvinne.
Intervjua med dei to lokale partileiarane kan du lese her (PDF).