Den foreløpig siste runden i vår annonseserie blei sendt ut i dag onsdag 1. april. Her takkar vi særleg annonsørane, samtidig som vi minner kommunane om at lokalavisa er ein god og nyttig annonsekanal. Vi minner altså kommunedirektørar, rådmenn og ordførarar om at dei bør bruke lokalavisa si no i vår, dersom dei vil ha ei oppegåande lokalavis til hausten.
I dei to første annonserundane takkar vi folk for innsatsen dei gjer i vanskelege tider. Vi skriv at vi er umåteleg glad for at folk abonnerer på avisa si. Vi framhever også den viktige jobben lokalavisene gjer, og at vi særleg i tider der annonseinntektene stuper, treng abonnementsinntektene.
Annonsene er både på bokmål og nynorsk, og er laga som halvside og heilside for papirutgåvene. Det er eigne variantar for dei avisene som knapt er på nett. Vi oppfordrar avisene til å leggje inn sin eigen avislogo rett ovanfor LLA-logoen. Alle annonsene kan gjerne brukast to-tre gonger i tida framover.
Materiellet er sendt med epost til markedsansvarlege og redaktørar i LLA-avisene. Alle annonsene kan også lastast ned, du finn pdf-filene nederst i artikkelen.
Spørsmål? Ta gjerne kontakt med markedssjef Geir K. Hus i LLA, geir@lla.no, mobil 452 89 333.
Runde 1, «Tusen takk!»:
LLA korona halvside bokmaal ikke nettavis
LLA korona halvside nynorsk ikkje nettavis
LLA korona heilside nynorsk OPPDATERT
LLA korona heilside nynorsk ikkje nettavis
LLA korona helside bokmaal OPPDATERT
LLA korona helside bokmaal ikke nettavis
Runde 2, «Innetid er lesetid!»:
LLA korona 2 halvside bokmaal ikke nettavis
LLA korona 2 halvside nynorsk ikkje nettavis
LLA korona 2 heilside nynorsk ikkje nettavis
LLA korona 2 helside bokmaal ikke nettavis
Runde 3, «Vi savner annonsørene våre»:
LLA korona 3 heilside side nynorsk