Redaktørane Hilde Vormedal Nybø i Sunnhordland (foto: Ingvild Siglen Berger) og Mona Terjesen i Bømlo-nytt (foto: Sanna Larsen Mannes).
Redaktørane Hilde Vormedal Nybø i Sunnhordland (foto: Ingvild Siglen Berger) og Mona Terjesen i Bømlo-nytt (foto: Sanna Larsen Mannes).

Difor har dei færre førehandsomtalar

Ein lokalavislesar saknar førehandsomtalar av lokale arrangement, og oppmodar redaktørane om å ta inn pressemeldingane som kjem frå lokale arrangørar. Les kva redaktørene svarar.

Ein lesar av Bømlo-nytt og Sunnhordland skreiv nyleg på Facebook at han hadde høyrt på Senioruniversitetet at lokalavisene ikkje lenger tok inn pressemeldingar om tilstellingane – men annonser ville dei ha. Han skreiv og at det hadde skine gjennom at førehandsomtalar burde følgjast av annonser. På Facebook og i leserbrev oppmoda han avisene om å ta inn igjen kunngjeringane. 

– Dette vart vidareformidla og spreidd, og eg fekk veldig mykje telefonar og meldingar med reaksjonar, fortel Bømlo-nytt sin nye redaktør Mona Terjesen. Ho innrømmer at det har vore litt tøft å føla at det har storma rundt henne som ny redaktør.

No har ho skrive ein leiar i håp om at lesarane skal forstå henne betre.

– Eg vil ha eit tett forhold til innbyggjarane, men dei må ha respekt og forståing for dei vurderingane vi tar. Det handlar om at folk må forstå faget vårt og kva me driv med: at vi har lov og må sila ut kva som har nyhendeverdi og interesse for folk flest, og at det er ei grense mellom kva som er tekstreklame og ikkje som vi meiner er kjempeviktig, seier ho.

Førehandsomtalar blir lite lest

Også redaktør Hilde Vormedal Nybø i Sunnhordland har svara. I ein kommentar skriv ho at det er heilt rett at dei skriv færre førehandsomtalar enn tidlegare. Med færre journalistar må dei prioritera skarpere, og dei ser at førehandsomtalar er det som blir desidert minst lese.

– Det er ikkje vanskeleg å forsvara at vi har stramma inn på dette, vi veit jo kor hardt vi må prioritera. Men eg forstår at folk blir skuffa, alle ønskjer jo mest mogleg blest om sine ting, seier ho.

I kommentaren skriv ho: Vårt utgangspunkt er at sakene våre journalistar skriv, skal opplevast som interessante og relevante for mange av lesarane. I talmateriale som viser korleis folk brukar lokalavisa, er det heldigvis mange funn som gjer oss som elskar journalistikk varme om hjarta. For det viser seg at lesarane våre er kresne. Det som får dei til å lesa saker, å lesa lenge, og til og med til å kjøpa abonnement, det er kvalitetsjournalistikk. Journalistikk der ein snakkar med folk, har fleire kjelder, og har gjort eit skikkeleg journalistisk arbeid. Det er dette me i Sunnhordland strekkjer oss etter kvar dag. Av og til lukkast me også. Då Haugesund journalistlag delte ut sine prisar sist fekk me i Sunnhordland tre av fire prisar. For å utmerkja seg på kvalitetsjournalistikk må ein prioritera, og det er min jobb som redaktør.

Blir glade for alt som kjem inn

Mona Terjesen i Bømlo-nytt skriv at det ikkje er sjølvsagt at redaksjonen prøver å lage ei sak når dei får ei pressemelding. Ho presiserer og at det ikkje er aktuelt å annonsere ein dato og eit klokkeslett mot ei halvside med førehandsomtale:

Om ein koplar redaksjonelt innhald direkte saman med annonseinnhald, som «for klokkeslett sjå annonse lengre bak i avisa», ja, så er det tekstreklame. Og trykker me det, så bryt me dei etiske retningslinjene. Plakatane me har å halde oss til (redaktør- og ver varsamplakaten) er heilt klare på kva som er greitt og ikkje greitt. Mellom anna seier sistnemnde «Svekk aldri det klare skiljet mellom journalistikk og reklame».

Ho legg til at Bømlo-nytt blir glade for alt som kjem inn, og ønsker å lage gode og interessante saker om det som skjer: Kjem det inn noko som me ser har nyhendeverdi og me redaksjonelt sett kan forsvare å lage ei sak på, så gjer me sjølvsagt det. Men at innsendarane skal kunne «krevje» å få på trykk alt dei sender inn til lokalavisa, vil ikkje vere praksis.

I dagens avis har Bømlo-nytt førehandsomtale av eit show med Are Kalvø: