Wenche Merete Kåsa (t.v.), Monica Langåsdalen og Lill Kristin Nilsen tar opp viktige tema i lokalavisa. FOTO: Hilde Eika Nesje
Wenche Merete Kåsa (t.v.), Monica Langåsdalen og Lill Kristin Nilsen tar opp viktige tema i lokalavisa. FOTO: Hilde Eika Nesje

Bø blad gir spalteplass til advokatar

I Bø blad si faste spalte skal advokatar kome med tips om alt frå bildedeling til testamente.

I over ti år har Bø blad hatt fast spalte der ulike lokale instansar skriv om aktuelle tema. No er det bygdetun, eit museum, kyrkja og advokatar som skriv på omgang. Tidlegare har mellom anna universitetet, familievernkontoret og biblioteket vore spaltistar.

Advokatane Kåsa og Nilsen skal levere tekstar kvar månad som skal handle om juridiske tema som dei ofte jobbar med, og som det kan vere lurt å vite noko om for dei fleste.
Advokatane har fleire idear sjølv, men håpar folk vil tipse dei om tema dei har lyst til å vite meir om.

– Det er så mykje viktig informasjon om lovar og reglar som me ønskjer å gjere tilgjengeleg for folk. I arbeidskvardagen ser me at det er fleire tema som går igjen, og der det er lett å gjere feil. Hadde folk vore klar over kva som er lovleg og ikkje i ulike saker, hadde dei slept å kome til oss når problema tårnar seg opp og det eigentleg er litt for seint, seier Lill Kristin til Bø blad.