Papiravis2

– Betre med tynn papiravis enn inga papiravis

Politisk rådgjevar Rune Hetland i LLA vil oppmode alle til å tenkje seg godt om før dei går ned i frekvens på papiravisa, og ha omtanke for dei som ikkje bruker internett.

Med sviktande annonsesal og fare for sjukdom i staben er det fleire aviser som vurderer å gå ned i frekvens på papiravisa.

Politisk rådgjevar Rune Hetland i LLA vil oppmode alle til å tenkje seg godt om før dei går ned i frekvens på papiravisa.

– Lesarundersøkingar viser at flest leser papiravisa grundig. Dessutan er det ikkje alle som er digitale. Dei som ikkje er på nett får jo ikkje informasjon frå kommunen sine nettsider heller. Dei er avhengige av papiravisa for å få lokale nyheiter, seier han.

I staden for å gå ned i frekvens, meiner han at avisene kan gå ned i sidetal. 

– Det vil folk flest forstå, i alle fall om dei får forklart at avisene er utan annonsar, og at redaksjonane må bruke det meste av ressursar på fortløpande oppdateringar på nett, seier han.

Han påpeiker at avisene ikkje kan vente å bli kvitt alle kostnadar til grafisk arbeid, trykking og distribusjon.

– Endringar må basere seg på at ein blir einig om å tilpasse dei avtalene ein har, seier han.

Med ein stab på to personar er Redaktør Knut Martinsen i Avisa Hemnes likevel redd for at det kan bli vanskeleg å halde oppe frekvensen på papiravisa.

– Eg ser sjølvsagt utfordringa for dei som ikkje er digitale. For oss vil det vere ei naudløysing om vi ikkje greier å få gjort jobben, seier han.

Tidlegare var det krav til minst 48 papirutgåver i året for å få produksjonstilskot. Dette er endra til at ein må ha publisert ei viss mengde redaksjonelt innhald minst 48 veker i året. Mykje av det digitale innhaldet må vere betalt innhald, og ein må ha minst tusen betalande abonnentar i året.