Kjærleiks-hospitalet

Voss sjukehus er 50 år i år, og med det som bakgrunn har me snakka med dei som er tett på livet, sjukdommen og døden. Me har vore to dagar på Voss sjukehus og fått eit innblikk i liva til dei tilsette, pasientane og dei pårørande. Fokuset er ikkje på sensasjonane eller mirakla, men på den kvardagen som møter ein her. Sjukehus er politikk, sjukehus er store kontrastar, sjukehus er arbeid, sjukehus er smerte, sjukehus er glede, sjukehus er sorg og sjukehus er kjærleik. Dette er vårt sjukehus, og dette er nokre av historiene som definerer oss som lokalsamfunn. Les heile kommentaren og saka til avisa Hordaland.

I all tid har folk vore opptekne av liv, død og sjukdom. Det er så eksistensielt at ingen kjem utanom det, og på den måten diskriminerer korkje livet eller døden nokon. Men det er skilnader på korleis liv er levd og det er skilnader på korleis døden kjem inn i livet. Livet kan vera langt og rikt, og livet kan vera så altfor, altfor kort. Døden kan vera naturleg – livets gang, men han kan også vera noko som riv vekk dei kjæraste me har så altfor raskt, og det kan kjennast urettvist og uforståeleg. Mellom starten og slutten på eit menneskeliv kjem det som vert rutinar, men også dei små augneblinkane som vert foreviga i minna våre. Menneske me møter som er med på å utvikla oss, menneske me møter som me går livet saman med, og menneske me møter som set djupe spor i oss. Innimellom dette kjem også sjukdommen. Men kva vil det seia å vera sjuk? For dei fleste av oss er sjukdommen noko me møter ein gong i mellom, noko me kjem oss heilskinna gjennom. For andre kan sjukdom vera ein definerande del av livet, noko som overskyggjer alt anna. Voss sjukehus er 50 år i år, og med det som bakgrunn har me snakka med dei som er tett på livet, sjukdommen og døden. Me har vore to dagar på Voss sjukehus og fått eit innblikk i liva til dei tilsette, pasientane og dei pårørande. Fokuset er ikkje på sensasjonane eller mirakla, men på den kvardagen som møter ein her.
Sjukehus er politikk, sjukehus er store kontrastar, sjukehus er arbeid, sjukehus er smerte, sjukehus er glede, sjukehus er sorg og sjukehus er kjærleik. Dette er vårt sjukehus, og dette er nokre av historiene som definerer oss som lokalsamfunn.
Klokka er åtte om morgonen.
Det er ein grå onsdag. Lett regn.
Det blir danna små dammar ute.
Det er halvfullt med bilar på parkeringsplassen.
Inne er det stille.
Ein kan høyra ein radio i det fjerne.
Klokka som tikkar.

På Voss sjukehus:
Lisa Maria Breistein Sølvberg | tekst
Vidar Herre | foto

På trykk i Hordaland laurdag 24. august 2013

Reportasjen gav avisa to prisar i aviskonkurransen Europen Newspaper Award, den eine prisen er for seksjonsframsida og den andre for reportasjen i sin heilskap i kategorien konsept/innovasjon (nyskaping)