OsogFusa-folkevandringa

Ærleg diagnose på bygda

For nokon er bygdelivet heilt rett, for andre har det nokre viktige manglar. Os og Fusaposten har funne døme på begge, i saker knytt til «Den store folkevandringa».

Os og Fusaposten har funne ein tilflytta danske som deler synet sitt på den nye heimbygda Strandvik. Han har lagt merke til ei skiljeline som går mellom Aust- og Vest-Noreg. Den same skiljelina har dei i Danmark, ifølgje dansken.

— Her på Vestlandet veit ein at om folk blir for høflege, så har ein dritte på draget. Den rå tonen folk i mellom, er heilt normal. Men det vil ikkje fungera på Sjælland, ei heller i København og ikkje i Oslo.

Dansken er ein av fleire tilflyttarar frå utlandet i Strandvik. Sjølv har han forsøkt å telja kor mange nasjonalitetar ein finn i bygda. Han kom fram til 14, i ei bygd med nokre få hundre innbyggjarar. Les saka her.

Saka er ein del av prosjektet «Den store folkevandringa». Os og Fusaposten er mellom avisene som ikkje fekk tid til å prioritere prosjektet då det vart dratt i gang i mars. Dei har ikkje hatt problem med å nyttiggjere seg ressursane i prosjektet av den grunn.

– Det har vore veldig greitt å finne fram, og det har vore kjekt å lage dei få sakene eg har fått tid til, seier journalist Benjamin Søgnen Olsen, som håpar å få lov til å fokusere på prosjektet etter ferien.

Benjamin Søgnen Olsen har òg intervjua ein mann som flytta heimefrå då han var 11 år gammal. Som døv var det vanskeleg å henga med i det sosiale i ei lita bygd. Difor flytta han til Bergen for å bu på internat og gå på ein skule for døve. I dag er han vaksen og har ikkje noko ønske om å høyre. Han er opptatt av at han kan gjere det same som dei som høyrer – men å flytte heim att har han ingen planar om. For somme kan bygda vere for liten.

Det er framleis fullt mogleg å finne nye vinklingar på stoffet som er knytt til prosjektet «Den store folkevandringa». Sjølv om den mest intense prosjektperioden er over for samarbeidet mellom NRK, SUJO (Senter for undersøkende journalistikk) og LLA, er materialet framleis tilgjengeleg for lokalavisene. Ta kontakt med ein av oss i LLA om du ønskjer tilgang til stoffet.

Les også om Raumnes som har laga bygdeportrett av småbygder som har forandra seg mykje etter at skular og butikkar forsvann.