Sunnhordland-Sleipner-1
Bilde 1 av 2
Sunnhordland-Sleipner-2
Bilde 2 av 2

20 år etter ulykka

Kjetil Østrem i Sunnhordland fortel historia om Sleipner-ulukka gjennom intervju med fleire av dei overlevande og pårørande. Dei har sterke og tunge historiar å fortelje.

– Dei var veldig opne, og delte villig sine historiar – sjølv om dei heilt openbert hadde det vondt, fortel Kjetil Østrem.

20 år har gått sidan Sleipner-ulukka, men mange av dei overlevande og pårørande er framleis sterkt prega av ulukka som tok 16 liv og øydela mange framtidsplanar.

Ei av dei som fortel er Tove Følid (pluss-sak). Ho er leiar i støttegruppa for overlevande, etterletne og redningsmannskap etter forliset. Sjølv mista ho den 18 år gamle sonen sin. Sidan har ho lidd fleire tap. Sonen hadde kjæraste og ei eitt år gamal dotter då han døydde. I dag er dei også døde. Sunnhordland har gjort historia ekstra sterk ved å dele lydopptak av naudanropet frå MS «Sleipner» (sjå under).

Østrem er den første frå pressa som har fått kome heim til Anders Dybdal som mista den ti år gamle sonen sin Vegar i forliset. Vegar sin storebror overlevde. Dybdal fortel (pluss-sak) om den dramatiske kvelden, om korleis det var å vente på sonen som aldri dukka opp. Han er opprørt over at ingen har innrømt feil i ettertid.

Overlevande Svein Kåre Gunnarson fortel om dramaet frå innsida (pluss-sak).

– Andre eg kontakta var ikkje like meddelsame. Endå andre igjen har gjort seg hundre prosent utilgjengelege den siste tida, slik eg oppfattar det. Sikkert fordi dei forsto kva som ville koma av spørsmål frå pressa, kommenterer Kjetil Østrem.

Mellom dei han ikkje har klart å få i tale, er kapteinen og overstyrmannen på MS «Sleipner». I staden fortel han historia slik ho er kjend gjennom media frå tidlegare. Kapteinen vart dømt for mangel på anksemd, og skal ha hatt det svært vanskeleg etter ulukka.

Journalisten bruker også kjente fakta for å skildre ulukka, vêret og tilhøva om bord på MS «Sleipner» – mellom anna at det sto dampa laks med hollandaise-saus og prisløna vin frå Australia på menyen.

Journalist Geir Rommetveit hadde ei grundig sak om tiltaka som vart sett i gang (pluss-sak) etter ulukka for å betre tryggleiken om bord på norske hurtigbåtar. Det har ikkje skjedd større ulukker med hurtigbåt her i landet dei siste tjue åra. Det kan ha å gjere med nye reglar for båtbygginga og redningsutstyret, men det kan også ha å gjere med betre utdanning av mannskapa, og at dei lærte av «Sleipner»-ulukka, skriv han.

Sjå nokre av sakene i denne pdf-fila.