Dagleg leiar Camilla Skaar Ljones og bladstyrar Sigbjørn Linga er glade for at arkivet no også finst digitalt, og ikkje berre i innbundne utgåver. Foto: Hilde Saxsæter
Dagleg leiar Camilla Skaar Ljones og bladstyrar Sigbjørn Linga er glade for at arkivet no også finst digitalt, og ikkje berre i innbundne utgåver. Foto: Hilde Saxsæter

150-åring med ny app og ny nettside

Hordaland Folkeblad har gått inn i jubileumsåret med fleire nye tilbod til lesarane.

27. desember 1873 kom første utgåva av Hardangeren ut. Avisa som no heiter Hordaland Folkeblad skal markera 150-årsjubileet gjennom heile året, og starta med å opna det digitale arkivet på nyttårsaftan. I ein ny app kan lesarane få tilgang til alle utgåvene bakover i historia.

Det heile vart presentert i ein jubileumsvideo:

Dagleg leiar Camilla Skaar Ljones har lenge utsett å digitalisera arkivet, mellom anna fordi bøkene måtte skjerast opp, røper ho i ei sak i eiga avis. For eit drygt år sidan fann ho ut at det var på tide. Med hjelp av det norske selskapet Zissor, som har spesialisert seg på denne typen jobbar, har bøkene vore sendt til Sveits for scanning – og kome trygt tilbake på kontoret.

Nokre dagar etter lanseringa, kan ho fortelja at avisa har fått mange positive tilbakemeldingar på det digitale arkivet.

– Veldig mange synest det er kjekt å kunna sjå i gamle aviser. Mange har sendt oss bilde av at dei sit og søkjer i arkivet, seier ho, og legg til at dei håpar å få nokre nye abonnentar på at ein må vera innlogga for å søkja.

Seinare i januar skal fire av dei tilsette reisa rundt i dekningsområdet med kaffi, kaker og skjermar. Målet er å hjelpa folk å ta i bruk dei digitale tilboda frå lokalavisa.

Hordaland Folkeblad har óg lansert ei ny nettside, hf150.no, som Hallingdølen har laga for dei. Der skal dei i løpet av året leggja ut 150 gamle saker.

Papiravisa er også prega av jubileumsåret. Årets første utgåve har fått logoen «Hardangeren», det første namnet på avisa som har skifta namn fleire gonger gjennom åra. Avisa vil få fleire meir eller mindre offisielle namn gjennom året.