Øypostens snigledusør skapte storjakt

8. august utlova Øyposten dusør på 200 kroner per kilo daude brunsniglar som vart framvist på kontoret deira. Dusørjegarane lot ikkje venta på seg.

– Lat kampanjen rulle og gå sin sigersgang over heile landet slik at me vinn kampen mot den store landeplagen, er Jon Asgaut Flesjå si oppmoding til andre lokalaviser.

Unge jaktlag tok utfordringa frå avisa på alvor, og snart kom det kilovis med sniglar inn til avisa.

«Når responsen og interessa er så bra som den er, er det naturleg for oss å oppmoda andre bedrifter i kommunen til å gjera det same. La oss løfta i saman, problemet er felles. Ingen kan gjer alt, men alle kan gjer litt. Me lovar brei pressedekning til den eller dei som tek utfordringa. I tillegg kan me administrera pengane og halda ”rede” på utbetalingane. På eit tidspunkt vil det og vera naturleg å tenkja seg at kommunen kjem på banen. Allereie før stafettpinnen er sendt vidare, og før avisa gjekk i trykken, kom Grieg Seafood oss i forkjøpet, tok utfordringa og la 5000 kroner på bordet. – Hermed utfordrar eg Rødne & Sønner til å gjera det same, smiler Lars Martin Hetlandi Grieg Seafood, Sjernarøy,» skriv avisa, som håper at øyene i nedslagsfeltet no skal verte snigelfrie.