SPARAR TUSENLAPPAR: Bjørne Jortveit leverer restavfallet ti gongar kvart år. Det sparar han store pengar på. Foto: Marianne Furuberg, Vennesla Tidende
SPARAR TUSENLAPPAR: Bjørne Jortveit leverer restavfallet ti gongar kvart år. Det sparar han store pengar på. Foto: Marianne Furuberg, Vennesla Tidende

Vil lokke deg til å resirkulere meir: Restavfallet kan bli dyrare

Miljømyndigheitene vil gjere det dyrare å kaste ting i restavfallet. Slik skal norske hushaldningar tvingast til å resirkulere meir plast.

Tekst: Amund Trellevik, Ingeborg Eliassen, Investigate Europe og Marianne Furuberg, Vennesla Tidende

Søppelbilen køyrer forbi huset til Bjørne Jortveit kvar veke, men berre ti ganger i året trillar 68-åringen restavfallsdunken bort i vegen. Han bur i Vennesla nord for Kristiansand og er aktiv i organisasjonen Framtiden i våre hender. Heile livet har Jortveit vore opptatt av å kjeldesortere søppel og redusere plastavfall.

– Det blir ikkje så mykje restavfall når ein sorterer alt, seier han.

SPARAR STORT PÅ AVFALLET

Kjeldesorteringa løner seg for Jortveit. I Vennesla og Kristiansand betalar innbyggjarane eit gebyr på 40,61 kroner kvar gang søppelbilen hentar restavfallet. Folk som leverer kvar veke, må ut med over 2 100 kroner i året. Jortveit betalar rundt 400.

Årsaka er at renovasjonsselskapet Avfall Sør i 2003 innførte differensiert renovasjonsgebyr. Det betyr at innbyggjarane betalar ein fastpris i renovasjonsgebyr årleg, og så betalar dei for talet på tømmingar av restavfall og bioavfall. Restavfallsdunken er dyrast å få tømt.

I dag får husstandar i snitt tømt restavfallet annankvar veke, men frå i vår oppmodar Avfall Sør innbyggjarane om å begrense tømming til ein gang i månaden.

MANGE LIGG ETTER

Ein god del norske kommunar har på eige initiativ innført system der det er dyrare å levere restavfall enn andre typar søppel. Men det er store skilnader mellom kjeldesorteringssystema. Og fleire kommunar ligg langt etter. Miljødirektoratet vil no stramme inn krava. Frå i år er alle kommunar pålagt å sortere ut mat- og plastavfall til gjenvinning.

Forslaget om å skru til avgifta på restavfall skal bidra til det same: At meir av det vi kastar, blir gjenvunne til nye material, og at mindre dermed vert brent. Noreg har kort tid på å oppfylle eigne og EU sine mål i det grønne skiftet: I 2035 skal 52 prosent av plastavfallet frå hushaldningane materialgjenvinnast, mot 23 prosent i 2016.

“Økt bruk av gebyr-differensiering kan være et svært viktig og kostnadseffektivt virkemiddel for å sikre at husholdningene bruker systemene på en god måte (…) Det vil bidra til at Norge nærmer seg EUs materialgjenvinningsmål”, heiter det i Miljødirektoratets anbefaling til regjeringa i fjor sommar.

Direktoratet sitt forslag til lovendring betyr at kommunane må investera i ny infrastruktur;  sorteringsanlegg og teknologi for å måle kor ofte kvar hushaldning leverer avfall. Økonomisk vil det likevel lønne seg: Ifølgje ein rapport frå Oslo Economics og Mepex kan differensiert gebyr  gje ein netto innsparing for norske kommunar på mellom 230 og 280 millionar kroner årleg. “Ordningen legger til rette for mer effektiv innsamling av avfallet (tømming ved behov) og reduserte mengder avfall til forbrenning”, heiter det i rapporten.

OVERFYLTE DUNKER

I dei første seks månadane med differensiert renovasjonsgebyr i Avfall Sør i 2003 vart overfylte dunkar eit stort problem.

Søpla vart stappa så hardt i dunken at den satt fast ved tømming, heiter det i ein evaluering som vart gjennomført i 2008, fem år etter at ordninga blei innført.

– Korleis fungerer det i dag?

– Stort sett bra, men restavfallet inneheld framleis mykje som kan materialgjenvinnast, seier kommunikasjonsleiar Lars Pedersen.

FUNGERER STORT SETT: Differensiering av avfallsgebyret gjer at fleire enn før kildesorterer meir avfall, seier kommunikasjonsleiar Lars Pedersen i Avfall Sør. Foto: Marianne Furuberg.

I Stavanger kommune betalar folk for storleiken på restavfalls-dunken; det kostar meir å ha 140 liter enn å ha 80, og endå meir om dunken tar 240 liter.

Det er absolutt mogleg å differensiere gebyret, seier Rudolf Meissner, fagansvarleg for renovasjon i det interkommunale renovasjonsselskapet IVAR.

– Men det må gjerast med omhu, seier han.

Meissner viser til Nederland, der kommunar har forsøkt å gjere det vanskeleg å levere restavfall; dei har fjerna restavfallsdunker heime hos folk slik at ein i staden må gå nokre hundre meter til næraste container. Slik tvinger ein innbyggjarane til å bruke kjeldesorteringsordningane mest mogleg. Nedsida er generelt dårlegere kvalitet på sortert avfall.

– For jo meir det kostar å kaste ting i restavfallet, desto større er faren for at gamle sko og fulle bleier hamnar i dunkane for glas eller papir, seier Rudolf Meissner.

STØTTAR FORSLAGET

Miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender støttar heilhjerta opp om differensiert avfallsgebyr.

– Klimakrisa er den største marknadssvikten vi veit om. Marknaden har ikkje klart å løyse avfallsproblemet, fordi vi ikkje prisar inn dei reelle kostnadane for miljøet. Derfor er vi heilt avhengig av sterke politiske reguleringar, seier leiar Anja Bakken Riise.

Avfall Norge organiserer blant anna dei 18 forbrenningsanlegga i Noreg. Dei meiner det hastar å få sendt forslaga ut på høyring, slik at regjeringa kan endre forskrifta.

– Miljødirektoratet sendte gryteklare forslag til departementet i fjor sommar. Vi er skuffa over at desse ennå ikkje er sendt ut på høyring. Vi har dårleg tid om sirkulær-økonomi skal bidra til å redusere belastninga på miljø og klima, seier administrerande direktør Runar Bålsrud.

REGJERINGA VENTAR

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) svarar slik på spørsmål om kva regjeringa gjer med forslaget frå Miljødirektoratet:

– Det er ikkje ferdig handsama. Overordna sett må vi gjere meir slik. Men akkurat det forslaget kan eg ikkje seie noko meir om no.

– Så det blir ikkje noko?

– Eg seier ikkje det. Vi vil redusera plastforureining med dei tiltaka som virkar mest formålstenleg, seier Eide.

Avfall Norge er ein interesseorganisasjon for avfallsforbrenningsanlegg. Desse er avhengig av jamnt tilsig av nettopp restavfall frå hushaldningane.

No vil Runar Bålsrud gå i bresjen for at nordmenn leverer mindre avfall til forbrenning:

– Folk kastar for mykje verdifulle ressursar i restavfallet. Så lenge du ikkje blir målt på dette, og det ikkje har utslag for din eigen økonomi, skal det mykje til å endre åtferd. Økonomi er den enklaste måten å få til atferdsendring på. Derfor er dette forslaget veldig godt, seier Bålsrud.

Utfordringa er blant anna å måle kor mykje avfall kvar hushaldning leverer inn. Men det står på viljen til å innføre systemet:

– Det er fullt mogleg å lage ordningar med sensorar og veging av søppel, seier Bålsrud.

Fakta

  • Emballasjeplast er blitt kalla «waste waiting to happen». I 2021 utgjorde den 242 000 tonn i Noreg, ifølgje forskarar.
  • Plast er ekstremt hendig og har gjort mykje for velstandsauka. Men det har kosta miljø og klima.
  • I dag blir berre halvparten av plastemballasjen folk kjeldesorterer heime, gjenvunne til nye materialer. Den andre halvparten vert brent.
  • I det grøne skiftet følgjer Noreg EU sine mål. Det betyr krav til kommunane om å sortere ut 85 prosent av glass- og emballasjeavfallet frå 2028 og 90 prosent frå 2035.
  • Dei nye krava skal auke delen plastavfall frå hushaldningane og liknande næringsavfall som blir materialgjenvunne, frå 23 prosent i 2016 til 52 prosent i 2035. Kommunane blir pålagt å sørgje for at 70 prosent av både plastavfall og matavfall blir utsortert i 2035.
  • Miljødirektoratet har ikkje oversikt over kva kommunar som på ein eller annan måte har differensiering av avfallsgebyr, men vil no gjere dette obligatorisk for alle.

  • Saman med Landslaget for lokalaviser, Senter for undersøkende journalistikk og journalistgruppa Investigate Europe, har 30 lokalaviser over heile Noreg forsøkt å finne ut kva som skjer med plastemballasjen etter at vi har kasta han.
  • Prosjektet er ein del av Investigate Europes graveprosjekt #Wasteland, som blir publisert i 10 europeiske land. Investigate Europe har støtte fra Fritt Ord.
  • Journalism Fund’s Earth Investigations Programme har støtta dette prosjektet økonomisk.
  • Dette er den fjerde av seks overordna saker som Investigate Europe har laga for lokalavisene. Første sak i serien finn du her.
  • Les dei internasjonale sakene på Investigate Europe sine nettsider.