Plast_sak6_2

Vi er hekta på eingongsplast. Finst det håp?

Plastemballasje er farleg søppel, og vi kastar stadig meir. Vi skulle vore på god veg i eit grønt skifte, men druknar snart i vårt eige plastavfall. Kva kan vi gjere?

TEKST: Amund Trellevik og Ingeborg Eliassen, Investigate Europe

  

– Plast er eit flott materiale. Det har berre ingenting i naturen å gjere, seier Kjell Olav Maldum.

Sjefen i panteselskapet Infinitum er optimist i møtet med dei enorme mengdene plastemballasje som vi har pakka liva våre inn i.

Sjølv står han i spissen for verdas kanskje mest vellukka gjenvinningssystem: Den norske panteordninga fangar opp nesten 93 prosent av alle tomme plastflasker som blir selt. Flaskene blir køyrt inn i eit gjenvinningssystem der stadig meir av materialet blir brukt igjen og igjen.

EN MILLIARDSUKSESS: A rlig panter nordmenn over e n milliard flasker og bokser. Her fra Infinitums anlegg pa Fetsund nord for Oslo. Infinitum har ogsa slike anlegg i Narvik og Trondheim. Foto: : Amund Trellevik, Investigate Europe

Det som er eit enormt forsøplingsproblem i dei fleste andre land i verda, er under kontroll i Noreg.

Det skuldast politikk. Norske styresmakter brukte pisk og gulrot overfor drikkevarebransjen: Industrien må betale skyhøg avgift om dei ikkje samlar inn og resirkulerer emballasjen. Om dei derimot samlar inn nesten alt, slepp dei avgift. Dei har sluppe sidan 2012. Overfor forbrukarane brukte styresmaktene berre gulrot: Levér tomme flasker og boksar i panteautomaten, så får de pengar for det. Her i landet pantar nesten alle.

Steinalder-tenkning?

I avfallsspørsmål har Noreg forplikta seg til å føre EU sin politikk. EU har eit såkalla avfalls-hierarki som seier at reduksjon er best og ombruk nest best. Resirkulering kjem på tredjeplass.

Dette er steinalder-tenkning, meiner Maldum, som argumenterer for at plast er eit betre materiale enn både glass og papp.

– Ingen tar diskusjonen om den teknologiske utviklinga som eg kan dokumentere. Vi bruker om plasten ved å klemme den flat, kutte flaskene opp i bitar og støype nye. Vi bruker færre kilowattimar og slepp ut mindre CO2 på det, enn å frakte flaskene land og strand rundt for vask og ombruk.

I Berlin og London finst butikkar der kundane har med glasbehaldarar heimefrå når dei kjøper pasta, nøtter og anna tørrmat. Maldum avviser dette.

– Om vi skal slutte med plast, må vi finne eit bedre materiale. Å gå til glas er i alle fall ei katastrofe. Papp er heller ikkje bra. Plast er mykje meir ressurseffektivt, hevdar han.

Infinitum-sjefen trur det går an å få til panteordningar også for andre typar emballasjeplast.

Farleg forbruk

Men mellombels gjeld panteordningane berre drikkevare-emballasje, som utgjer ein brøkdel av dei voldsomme mengdene plastemballasje vi bruker og kastar kvar einaste dag.

Gjenvinningssystema held overhovudet ikkje tritt med forbruksveksten. Globalt trur Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) at den vil fortsetje – og føre til nærare ei tredobling av plastavfall innan 2060. Halvparten kan kome til å ende på fyllinger, og gjenvinningssystema vil klare knapt ein femtedel, spår OECD.

Forbruket og avfallet forureiner luft, forsøplar land, forgifter havet og trugar folkehelse og dyreliv. I 2017 grunnstøtte ein kval på Sotra med 40 plastposar i magen.

Det hastar å få dette under kontroll.

Lurer vi oss sjølve?

Ikkje alle er like optimistiske som Infinitum-sjefen.

På motsatt side av diskusjonen står tyske Helmut Maurer. No er han pensjonist, men fram til i fjor jobba han i EU-kommisjonen med sirkulærøkonomi for avfall. Sirkulærøkonomi er den tenkte stoda Noreg og europeiske land for øvrig skal inn i via det grøne skiftet: Eit system der material vert brukt, resirkulert og gjenbrukt, og som dermed produserer mykje mindre (nokon seier null) avfall.

Maurer trur ikkje vi kan resirkulere oss ut av plastkrisa. Det må mykje meir grunnleggjande grep til. Hovedproblemet er forestillinga om at det grøne skiftet i Europa skal la seg kombinera med framleis vekst. Tiltaka for å begrense sjølve plastforbruket er altfor forsiktige, hevdar han.

– Fortellinga om resirkulering er blitt banka inn i oss. Men gjenvinning løyser ikkje problema våre. Eg ser heller ingen rådsnare tiltak for å løyse dei. Og det uroar meg, seier han.

Finst det nokon farbar veg ut av dette?

Ja, meiner ei gruppe norske og internasjonale forskarar som har brukt fleire år på å kartleggje plastsystemet i Noreg.

Men det krevst at alle brettar opp ermane og tar kraftig grep – no. Elles vil mengda plastavfall – her meiner ein både eingongsplast og meir haldbare typar – meir enn doble seg fram mot 2040. Det meste vil bli sendt til forbrenning når det blir søppel. Det betyr også endå høgare klimagassutslepp enn i dag.

Noreg er ikkje ein sirkel

Noreg har forplikta seg til å redusera klimagassutsleppa med 55 prosent samanlikna med 1990-nivå innan 2030, og 90-95 prosent innan 2050. Men mellombels er plastforbruket uforenleg med ambisjonane om ein sirkulær økonomi og plikta til å nå internasjonale klimamål, slår forskarane fast.

I dag er plastsystemet det motsette av sirkulært; det er 78 prosent lineært, og det står for rundt sju prosent av Noreg sitt årlege klimagassutslepp.

EU er komen lenger enn Noreg i krav om gjenvinning og reduksjon, særleg på plastemballasje. Desse må norske styresmakter følgje opp. Dessutan har delar av næringslivet frivillig forplikta seg til å gjenvinne meir og å bruke resirkulert plast i emballasje.

Dette hjelper godt, skriv forskarane. “Men det vil framleis ikkje vere nok til å oppnå eit sirkulært lavutsleppssystem”.

Om Noreg skal nå målet om netto nullutslepp, må kvar innbyggjar i snitt nesten halvere sitt fotavtrykket frå plastavfall som forbrennast, deponerast eller lekk ut i naturen. I dag er det 73 kilo. Det må ned i 41 kilo før 2040.

Korleis?

Dei seks r’ane

Engelsk har omgrepet “dei seks r’ane”: “Reduce, refuse, recycle, rethink, reuse, repair”. På norsk kling det ikkje like godt: “Reduser, avslå, resirkuler, revurder, bruk om igjen, reparer”.

Likevel går ein veg til bærekraft i plastsamfunnet gjennom disse.

Eingongsplast bør eliminerast, unngås, erstattast eller gjerast haldbar der det er mogleg, meiner forskarane.

Plast som har mange år levetid er noko litt anna. Den kostar ofte meir. For den gjeld det å redusere unaudsynt bruk, dele med andre, reparere når det trengs, og samle den inn separat når den til slutt skal bli avfall.

Resirkuleringa må skje både mekanisk og som såkalt kjemisk gjenvinning, ifølgje forskningsrapporten. Kjemisk gjenvinning er ein ny metode som bryt plasten ned til enkelte bestanddelar før den byggast opp att. Metoden er omstridd, blant anna fordi den krev mykje energi.

Men om Noreg skal kome heilt i mål, må det endå meir til:

Plast er laga av olje og gass. Produksjonen må i staden basere seg på grønt hydrogen, biomasse og fanga CO2, meiner forskarane.

Utslepp frå forbrenning må fangast, brukast eller lagrast.

Ein ny, norsk modell?

Med alle desse tiltaka kan utsleppa frå det norske plastsystemet vere 75 prosent mindre i 2040 enn dei er i dag. Det vil sette Noreg på rett spor, som er null utslepp i 2050, skriv forskarane.

Er det verkelig mogleg?

Ja, meiner dei. Dei vurderer at det vil koste 39 milliardar kroner å endre systemet, men minnar om at det også vil bli veldig dyrt å fortsetje som i dag. Dessutan vil reduksjon, ombruk og gjenvinning gje nye arbeidsplassar som vil erstatte nokre av jobbane i olje- og gassektoren.

Det er lett å bli overvelda.

Men kven skulle klare det, om ikkje Noreg?

Noreg kan skape eit plastsystem som respekterer verda si tålegrense og som vil gje nordmenn i framtida gode liv, meiner forskarane, som kjem frå fleire land.
Og verda elles?

“Verda treng å få demonstrert at eit slikt system er mogleg, ikkje berre for å redusere skadeverknadene, men som ein muligheit for framtidig vekst og innovasjon.”

Faktaboks

VERDAS PLASTKRISE

  • Verda produserer dobbelt så mykje plastavfall som for to tiår sidan, og det meste ender på fyllingar, blir brent eller lekker til miljøet. Berre ni prosent er gjenvunne.
  • Plastproduksjon og forureining bidreg til ei trippelkrise for klima, miljø og det biologiske mangfaldet.
  • I Noreg og Europa har gjenvinninga auka kraftig sidan 2009, men held på ingen måte tritt med forbruksveksta.
  • Veksta vil fortsetje og globalt føre til nesten ei tredobling av plastavfall innan 2060.
  • Utan tiltak kan klimagassutslepp knytt til plastproduksjon og plastavfall utgjere 15 prosent av tillatte utslepp i 2050.
  • Noreg er heilt ute av kurs for å nå klima- og miljømåla knytt til plast.
  • Det er mogleg å nå måla om netto nullutslepp i 2050. Då må kvar innbyggar i snitt skrumpe sitt fotavtrykk frå plast, frå 73 kilo til 41 kilo, innan 2040.

Kjelder: OECD, Eurostat, UNEP, Systemiq/Handelens miljøfond/Mepex

  • Saman med Landslaget for lokalaviser, Senter for undersøkende journalistikk og journalistgruppa Investigate Europe, har 30 lokalaviser over heile Noreg forsøkt å finne ut kva som skjer med plastemballasjen etter at vi har kasta han.
  • Prosjektet er ein del av Investigate Europes graveprosjekt #Wasteland, som blir publisert i 10 europeiske land. Investigate Europe har støtte fra Fritt Ord.
  • Journalism Fund’s Earth Investigations Programme har støtta dette prosjektet økonomisk.
  • Dette er den fjerde av seks overordna saker som Investigate Europe har laga for lokalavisene. Første sak i serien finn du her.
  • Les dei internasjonale sakene på Investigate Europe sine nettsider.