debattbibliotek-1068x712

Slik lagar du debattmøte før lokalvalet

Opne debattmøte er ein fin måte å opna opp valdebatten for spørsmål og kommentarar frå innbyggarane i lokalsamfunnet.

Fleire lokalaviser har lange tradisjonar med å arrangera debattmøte før valet, medan andre ikkje har tradisjon for dette. Opne debattmøte er ein fin måte å opna opp valdebatten for spørsmål og kommentarar frå innbyggarane i lokalsamfunnet.

Debatt i Bømlo folkebibliotek. Foto henta frå Framtida.no

Tips til deg som skal arrangera debatt:

• Få med deg biblioteket, kulturhuset eller ein lokal utestad på å vera med på å arrangera debatten.

• Allier deg med nokon som kan hjelpa til med streaming av arrangementet. Har du høve, publiser heile eller delar av videoen som nettsak i etterkant.

• Inviter organisasjonar, ungdomsrådet og folk som kan utfordra og stilla spørsmål til politikarane – og annonser for debatt i avisa di.

• Vel gjerne ut éi eller nokre hovudsaker som de fokuserer på.

• På nokre enkeltsaker: be politikarane rekkje opp ei hand om dei vil seia ja eller nei til eit tiltak (kven av dykk vil lova lengre opningstider på biblioteket? eller kven av dykk vil innføra eit klimabudsjett i kommunen?) –på den måten får publikum sjå kven som meiner kva.

• Hald deg til tida som er sett opp. Når du er ordstyrar, så er det du som styrer.

• Politikarane vil helst snakka lengst mogleg – både i starten og i avslutninga. Sluttappell på 1-1 1/2 minutt er ofte nok.

Fleire tips til å arrangera debatt finn du i debattkokeboka til Framtida.no.

Tips til spørsmål om klima og miljø:
– kor stor del av klimautsleppa frå kommunen din vil partiet ditt kutta?
– korleis vil partiet ditt kutta klimautslepp?
– kven av dykk vil innføra klimabudsjett?
– korleis vil de legga til rette for at innbyggarane i kommunen kan kutta eigne klimautslepp?

Til deg som er ute i siste liten:
• Pass på å arrangera debatten i tide før siste avisutgåva før valdagen.
• Inviter panelet/kandidatane så tidleg som mogleg, og seinast ei veke før sjølve debatten dersom det er ein open debatt.

Les også:
Raumnes arrangerte folkemøte saman med biblioteket og NRK Østlandssendingen. Etter møtet laga dei videosnuttar av partia sine presentasjonar av seg sjølv.
Hardanger Folkeblad arrangerte valdebatt i samarbeid med litteraturhuset i Odda. Dei utfordra partia med resultata frå ei fersk meiningsmåling. I tillegg valde dei ut tema som dei visste det var usemje om.