LLAstortingetOkt

 

Pressepolitisk årsrapport frå Landslaget for lokalaviser (LLA):

2016 starta med eit historisk momsfritak, enda med distribusjonskaos om laurdagane

Året 2016 vil bli hugsa i mediehistoria. Først og fremst for at Norge som det første, og til nå einaste, landet i Europa har fått fritak frå avgift på redaksjonelt samfunnsinnhald uavhengig av leveringsplattform. Det var ein god start på året.

Utgangen av året var langt verre: Den anbudsbaserte avisdistribusjonen laurdagane har enda i kaos og er framleis svært alvorleg for avisene.

Forhandlingane om statsbudsjettet tidlegare i haust var også uvanleg dramatiske, med fare for regjeringskrise. Det enda med at Venstre og KrF sikra fleirtal for tilbakeføring av 10 millionar kroner som regjeringa foreslo å kutte i produksjonstilskotet for avisene. Dermed blir produksjonstilskottet i 2017 det samme i kronebeløp som i 2016.

Vi må også ta med ei gledeleg løysing på ei sak som handlar om rettferdigheit: Nyleg fekk Venstre med seg eit samla storting på å sikre at bydelsavisa Akers Avis Groruddalen får tilbake produksjonstilskott frå neste år.

Momsfritaket

Det var 25. januar 2016 meldinga kom om momsfritaket LLA og resten av mediebransjen hadde håpa på: ESA godkjente at Norge kan likestille nyhende på papir og elektroniske plattformer. Finansminister Siv Jensen og kulturminister Linda Hofstad Helleland presenterte gladmeldinga for avisbransjen. Den praktiske innføringa var klar frå 1. mars.

LLA har heile tida stått fjellstøtt på at avgiftsfritaket skal vere uavhengig av plattform. Momssaka var eit ti år langt maratonløp der LLA heldt stø kurs for prinsippet om fritak, sjølv om enkelte andre aktørar prøvde seg med andre alternativ undervegs. Vi veit at LLA var viktige for resultatet som gjer at lokalavisene og resten av mediebransjen no kan nyte godt av eit viktig prinsipp for avisene og lesarane våre.

Slik kommenterte vi tidlegare i år klarsignalet frå ESA: – Etter at LLA besøkte ESA i 2010 vart vi sikre på at fritak var muleg også digitalt. Det har vore bakgrunnen for at vi i LLA aldri har vilja sete i spel eit så viktig prinsipp for det norske demokratiet. Regjeringa har følgd opp heilhjarta og no gler vi oss stort over at det endelege vedtaket er på plass. Det er mange som skal ha æra for at målet er nådd, men det har nok vore avgjerande med godt samarbeid i pressa og med det politiske miljøet.

LLA er bra nøgd med avgrensinga for fritaket, men ser det både naturleg og nødvendig med justeringar i framtida i takt med den digitale utviklinga.

Auka minstetilskott og golv

I mars kom forslaget frå Arild Grande og tre andre stortingsrepresentantar frå Ap om å innføre eit golv i støtta for å styrke dei minste avisene. LLA var samtalepartnar i forkant, både om bakgrunn og utforming. Med eit golv/minstetilskott vil lokalavisene kunne velje frekvens på papir utan at det vil ha konsekvensar for tilskottet. Slik vil dette stimulere den enkelte avis til å velja det som er rett for avisa, uavhengig av tilskott.

– LLA er opptatt både av at pressestøtteordninga framleis skal ha legitimitet og oppslutning, og av at lokalavisene får ein meir rettferdig del av totalpotten, sa LLAs generalsekretær og styreleiar etter at forslaget var presentert.

LLA har arbeidd aktivt for å få politisk støtte for eit løft i støtta til dei minste avisene, både inn mot storting, departement og ikkje minst mediemangfoldsutvalet som skal legge fram sine forslag i mars 2017. Redaktør og dagleg leiar Hilde Eika Nesje i Bø Blad representerer LLA i utvalet som alle nå viser til når det er spørsmål om dei framtidige rammevilkår for media.

Distribusjonskaos på laurdagar

God distribusjon er heilt avgjerande for at abonnentane skal halde på papiravisa. Hausten 2016 vil bli hugsa for at laurdagsdistribusjonen vart kaos etter at Posten frå november slutta med avisomdeling om laurdagane. Kvikkas (saman med Norpost) vann anbudet som Samferdselsdepartementet lyste ut, men har ikkje klart å levere i nærleiken av tilfredsstillande nivå. Avisbransjen har hatt ei rekkje møte med både Kvikkas og Samferdselsdepartementet for å fortelle at situasjonen er uakseptabel.

LLA argumenterte tydeleg mot liberalisering av posttenester og at Posten skulle kunne slutte med ordinær laurdagsomdeling. Stortinget lova likevel avisbransjen ei fullgod løysing etter at dei vedtok liberaliseringa og tillot Posten å kutte ordinær laurdagsomdeling frå mars. Det har ikkje innbyggjarane og avisene fått. No har vi stortingsfleirtalet i ryggen i kravet om at samferdselsdepartementet snarast må syte for at avisdistribusjonen laurdag blir som lova.

I skuggen av uroa rundt laurdagsomdelinga har det vore ei minst like viktig distribusjonssak i Stortinget like før jul. Det handlar om sak om «Postsektoren i endring». Posten skal spara pengar mellon anna ved å få færre terminalar, slå saman A og B-post og kutte ut eigne postfly. I forslaget frå regjeringa var det også lagt inn at 10 prosent av befolkningen ikkje trong frå post kvar dag – og at Stortinget ikkje trong handsame reduksjon i omdelingsdagar for Posten. LLA har arbeidd særs aktivt med denne saka som i sin ytterste konsekvens handlar om det skal vere muleg å gje ut papiravis.

Ap sin saksordførar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Kjell-Idar Juvik, gjorde ein svært god jobb både med saka og ved å sikra fleirtal i Stortinget. No er god omdeling av aviser fem dagar i veka gjennom Posten vedtatt – og det på ein tydelegare måte enn for laurdagsdistribusjonen. Det er Posten som skal ta seg av kvalitetssikringa.

Produksjonstilskottet

LLA arbeidde aktivt for å få løfta produksjonstilskottet etter at regjeringa foreslo eit kutt på 10 millioner kroner. LLA er glad for at kuttet vart tilbakeført, men fire år utan inflasjonsjustering er i realiteten eit kraftig kutt. Vi var heller ikkje nøgde med at det heller ikkje i neste års statsbudsjett er løyvd støtte til innovasjon, noko som regjeringa er dei fremste til å framheve som viktig.

No gjeld det å sjå framover mot mediemangfoldsutvalget si innstilling. Dei legg fram sin rapport i mars. Denne blir svært viktig, det blir også det politiske arbeidet som følgjer etterpå.

Lokalavisene er fundamentet i lokaldemokratiet og må no få eit løft. LLA gir aldri opp! Vi trur det er muleg å få løfta minsttilskotet til lokalavisene. Vi skal i alle fall stå på for verdas viktigaste aviser; lokalavisene landet rundt.

Til alle de som arbeider i lokalavisene: Tusen takk for det gode arbeidet de gjer. Avisene er LLAs store inspirasjon i vårt daglege arbeid. Å kunne vise fram alle dei flotte lokalavisene til politikarane er vårt beste argument for gode rammevilkår.

Takk for godt samarbeid i 2016. Vi ønskjer alle ei fredeleg julehelg og eit godt nytt år.

Beste helsing Rune Hetland, generalsekretær i LLA

 

For meir informasjon om pressepolitikk og rammevilkår:

Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, dir. tlf. 452 89 444, rune()lla.no.

LLAs sentralbord: 452 89 111.

 

Lokalavisa nær og kjær

100 ord om over 100 lokalaviser som skaper lokalt engasjement og debatt:

nær

Lokalavisa er nær slik ordet opphavleg er meint; Lokalavisa er nær lesarane og innbyggjarane nettopp fordi avisa kjem ut der folk bur og lever. I tillegg står lokalavisa folk nær. Ho er som regel betalt og bestilt eit heilt år på førehand, og difor er lokalavisa ønskt velkomen inn i heimen til folk kvar veke året gjennom. Lokalavisa er ein viktig del av kvardagen til folk.

kjær

Fordi lokalavisa står folk så nær, er ho også blitt ein kjær del av livet til folk. Avisa har ofte notisar om nye born som kjem til verda. Seinare i livet følgjer lokalavisa opp oppvekstvilkåra til born og ungdom, skulegang og fritidsaktivitetar. Kulturlivet, lagslivet og lokalpolitikk som betyr noko for ungdom, får ofte spalteplass i lokalavisa. Når born og ungdom blir vaksne, står lokalavisa framleis ved deira side. Lokalavisa byr på viktige nyhende, samfunnskritiske artiklar og spennande debattar. Avisa følgjer med på kva som hender mellom slekt, vener og kjente i bygder, tettstader og bydelar landet rundt. Slik er lokalavisa blitt både nær og kjær.

Nettopp på grunn av denne nærleiken og kjærleiken, er lokalavisa mellom dei viktigaste institusjonane i lokaldemokratiet. Her er enda fleire gode grunnar for å bry deg om lokalavisa si framtid:

Debatt

For at lokaldemokratiet skal fungera, må folk engasjera seg i debattar om aktuelle saker. Lokalavisa slepp til folk i alle aldrar. Ei god lokalavis er godt for lokalpolitikken.

Kultur

Lokalavisa lyftar fram det rike kultur-, lags- og organisasjonslivet. Slik får også born og unge sitt første møte med avisene og etter kvart blir nye generasjonar inspirerte til å delta i samfunnsdebatten.

Samfunnsoppdraget

Lokalavisene skriv om viktige saker som vedkjem innbyggjarane. Lokalavisa kjenner nærmiljøet best og er nærgåande og samfunnskritisk når ho treng det.

Identitetsskapar

Folk si felles historie, kvardag og verdiar kjem fram i lokalavisa sine spalter. Fordi denne fellesskapen blir synleg gjennom lokalavisa, er avisene med på å skapa tilhøyrsle og identitet.

Landslaget for lokalaviser arbeider aktivt for å skapa gode rammevilkår for lokalavisene. Dette pressepolitiske arbeidet er LLAs prioriterte arbeidsområde.

Etter at mediestøtteutvalet overleverte si innstilling til kulturministeren rett før årsskiftet 2011, bruker vi særleg tida vår på å få fram kva stavbile rammevilkår har å seia for lokalavisene si framtid.

Her kan du lasta ned heile LLA si høyringsuttale til mediestøtteutvalet si innstilling.

For meir informasjon:
Rune Hetland
generalsekretær og pressepolitisk ansvarleg i LLA
rune()lla.no
Dir. tlf. 452 89 444