finn din lokalavis her

Lokalavisa er nær slik ordet opphavleg er meint; Lokalavisa er nær lesarane, forbrukarane og marknaden din nettopp fordi avisa kjem ut der folk bur og lever. I tillegg står lokalavisa folk nær. Ho er som regel betalt og bestilt eit heilt år på førehand, og difor er lokalavisa ønskt velkomen inn i heimen til folk kvar veke året gjennom. Lokalavisa høyrer heime i kvardagen din.

kjær

Fordi lokalavisa står folk så nær, er ho også blitt ein kjær del av livet til folk. Avisa har ofte notisar om nye born som kjem til verda. Seinare i livet følgjer lokalavisa opp oppvekstvilkåra til born og ungdom, skulegang og fritidsaktivitetar. Kulturlivet, lagslivet og lokalpolitikk som betyr noko for ungdom, får ofte spalteplass i lokalavisa. Når born og ungdom blir vaksne, står lokalavisa framleis ved deira side. Lokalavisa byr på viktige nyhende, nyttige annonsar og spennande debattar. Avisa følgjer med på kva som hender mellom slekt, vener og kjente i lokalmiljøet ditt. Slik er lokalavisa blitt både nær og kjær.

Nettopp på grunn av denne nærleiken og kjærleiken, er lokalavisa ein svært nyttig mediekanal for deg som ønskjer større merksemd eller omsetnad. Her får du nokre ord til på vegen frå oss:

truverdig

Fordi lokalavisa blir rekna som truverdig, kjem bodskapen i annonsane i eit truverdig miljø. Det er sjølvsagt bra for deg som annonserer i lokalavisa; bodskapen står fram som truverdig.

merksemd

I lokalavisene blir også annonsane lagt godt merke til, kanskje fordi dei fleste les heile avisa – i ro og fred. Slik kjem bodskapen din fram til dei som du faktisk ønskjer å nå.

respons

Det aller viktigaste er sjølvsagt at marknadsføringa di får respons og fører til handling. Det gjer ofte annonsane i lokalavisa! Annonsane i lokalavisa er rett og slett nyttige for deg.

lønsamt

Dersom du planlegg aktivitetane dine tidleg, blir marknadsføringa di enda meir lønsam. Bruk lokalavisa di både som rådgjevar, samtalepartnar og mediekanal.

Ta gjerne kontakt med oss i Landslaget for lokalaviser for å få enda meir informasjon om lokalavisene. I mellomtida:

Finn lokalavisa di her!