Vil mjuke opp utbytteforbodet

Regjeringa ønskjer å mjuke opp utbytteforbodet for mindre aviser som tek imot mediestøtte. Dette opplyste politiske rådgjevar Håvard Fossbakken i Kulturdepartementet i helsinga si til landsmøtet i LLA.

Eigentleg skulle kulturminister Hadia Tajik helse landsmøtet, men ho måtte møte i statsråd fordi både ei ny medieeigarlov, ei ny biblioteklov og ei ny boklov skulle leggjast fram i statsråd.

Aviser som får mediestøtte har til no ikkje kunne gje utbyte på aksjekapitalen, og dette har i mange høve ført til at det har vore vanskeleg å hente inn ny aksjekapital. Det har også ført til at det har vore vanskeleg å finne nye lokale eigarar ved generasjonsskifte i avisene. LLA har lenge arbeidd for at utbyteforbodet skal lempast på.

Fossbakken varsla at det i fyrste omgang kjem ei høyringsrunde om framlegget til nye reglar.

Om nye reglar for mediestøtte sa Fossbakken at desse no skulle leggjast fram for ESA. Han kom ikkje inn spørsmåla rundt meirverdiavgift for trykte og digitale avisutgåver.

Framlegget til ny lov om medieeigarskap inkluderer også dei elektroniske media i lova, men fører vidare reglane om avgrensingane av eigarskap vi har i dag.