Ung & engasjert-avis på veg

Ei avis om avisene sitt offensive arbeid overfor ungdom er i desse dagar på veg i posten. Samstundes som LLA si Ung & engasjert-avis avrundar vårt treårige prosjekt, vonar vi avisa gir inspirasjon til å framleis engasjera unge lesarar til å bry seg om lokal politikk og nærmiljøet sitt.

I tre år har lokalavisene og LLA gjennomført ei rekke praktiske tiltak for å bidra til større samfunnsengasjement og enda meir attraktive lokalaviser. Det meiner vi at vi har lukkast med! LLA har sett at lokalavisene har vore fulle av godt stoff om lokal politikk og unge ansikt. Vi merka oss dessutan at frammøteprosenten under siste kommunestyreval var større i kommunar med LLA-avis enn landsgjennomsnittet.

Mykje tyder dermed på at lokalavisene og Ung & engasjert-prosjektet har engasjert både avisene og lesarane.

I tida frametter skal professor Sigurd Høst, med støtte frå Rådet for anvendt medieforskning, sjå nærare på lokalavisene sitt Ung & engasjert-arbeid.

At Ung & engasjert blir avslutta som prosjekt, betyr sjølvsagt ikkje at lokalavisene bryr seg mindre om verken unge lesarar, lokal politikk eller lokalt engasjement. Både LLA og lokalavisene sitt samfunnsansvar er like levande og stort i morgon. Dessutan: LLA har eit nytt spennande prosjekt på gong – «Levande lokalsamfunn» – som skal inspirera enda fleire innbyggjarar til å bry seg om lokalsamfunnet sitt. Prosjektet skal finansierast i år og starta i løpet av 2013. Les også om Levande lokalsamfunn i avisa vår.

LLAs informasjonsavis blei delt ut på ei markering for samarbeidspartnarar i Oslo denne veka og er altså no på veg ut til avisene. Andre som ønskjer tilsendt eit eksemplar, kan senda oss ein epost til lla()lla.no

Du kan også lasta ned ei LLAs UngEngAvis (ca 7,7 megabyte).

Vi anbefaler også ein tur innom LLA og lokalavisene sin idébank. Denne idé- og kunnskapsbanken blei etablert som ein del av Ung & engasjert-prosjektet og har truleg blitt eitt av dei mest praktiske verktøya for idéutveksling blant lokalavisene.