Tøffe tak for å få avisene ut til lesarane

Distribusjonen av papiravisene er blitt mediebransjens nye store utfordring. Kvikkas har no starta utdelinga av rundt 15 % av laurdagsavisene i distrikts-Norge. Rundt neste sving ventar nye dramatiske endringar: Dersom politikarfleirtalet om nokre veker følgjer Posten sitt ønskje, risikerer ein halv million nordmenn å få post og aviser berre annakvar dag. Landslaget for lokalaviser (LLA) er svært uroa over det som skjer.

lla-lokalaviser-illustrasjon

Samtidig som kampen om annonsekronene drar seg til, får avisbransjen stadig nye steinar til byrden: Posten går mindre med post og aviser – og produksjonsstøtta er også under press. Med andre ord er det nok å ta tak i. Laurdag 5. n0vember var ein av dei første alvorlege elddåpane: Kvikkas overtok då for første gong distribusjonen av rundt 15 % av avisenes papiropplag, særleg den delen av avisene som skal lengst ut i dekningsområda til avisene. Resten av opplaget skal mediebransjens eigne selskap framleis ta seg av, organisert under «Helt hjem»-paraplyen. Men det er også ein stor gråsone som ingen vil ta ansvaret og kostnaden med. Opp til 45.000 abonnentar risikerer å ikkje få avisa som vanleg laurdag.

Etter første helg, har LLA fått inn fleire meldingar om svikt i distribusjonen av laurdagsavisene. Klassekampen skriv måndag om redaktøren i Møre-Nytt som sjølv måtte ut i båt for å få avisa fram til ein del av abonnentane sine. Tysdag omtaler avisa også fleire andre Vestlandsaviser som har slitt med distribusjonen sist helg.

Til Journalisten.no seier dagleg leiar Stig Kleive i Kvikkas at det har gått forholdsvis bra å levere rundt 79.000 aviser for første gong. Samtidig oppfordrar han avisene til å gi strukturerte tilbakemeldingar, slik at leveringa kan gå bedre neste laurdag. Les heile artikkelen til Journalisten.no her.

RuneHetlandLLAweb

LLAs generalsekretær uttalte dette før første helg med det nye distribusjonssystemet:

– Eg reknar med at dei LLA-avisene som kjem ut om laurdagane no har oppdatert avtalane sine med sine lokale distribusjonsselskap, og inngått avtale med Kvikkas der det er nødvendig. Sjølv om enkelte LLA-aviser i desse dagar legg ned laurdagsavisa – til dømes Grenda, Vest-Telemark Blad og Sagat –  så er det framleis over 30 LLA-aviser som skal ut til abonnentane i helgene, anten som laurdagsavis eller som fredagsavis til utflyttarar, seier Rune Hetland, generalsekretær i LLA (bildet). Han legg til:

– Dessverre er det ein god del abonnentar som ikkje får avisa laurdag på grunn av at det ikkje er kome ei god nok løysing på bordet. Heldigvis er det nå mange politikarar som engasjerer seg og som krev at Samferdselsdepartementet følgjer opp Stortinget sine lovnader.

– Kva bør avisene sjølv passe på?

– Avisene har tett kontakt med distribusjonsselskapa sine, men uansett må nok avisene våre rekna med at ein del abonnentar tar kontakt for å etterlyse avisa si. Avisene bør derfor vere tilgjengelige og ha lagt ut på nettsidene sine oppdaterte kontaktopplysningar og informasjon om den nye distribusjonsordninga. I heile november må avisene følgja tett og godt opp, både overfor dei som distribuerer avisene, men sjølvsagt også overfor lesarane.

Eg trur også at det kan vere smart å ha eit ekstraopplag i bakhand til å distribuere til dei som melder frå om at avisa er uteblitt. Vi skal jo vere glade for at avisa er sakna når ho ikkje kjem som venta, og då gjeld det å tenkje service så langt det er praktisk muleg, oppfordrar Hetland.

– Så sant den nye laurdagsdistribusjonen etter kvart går seg til, er det likevel nye og minst like store skjær i sjøen?

– Ja! No vil Posten ha politisk velsigning for to nye reformar som kan gjere vondt verre for avisene: Posten vil ha slutt på A- og B-post og erstatte dette med éin såkalt poststraum. Og om ikkje det er nok: Posten vil også ha politikarane med seg på enda ei reform; Dei vil ha fullmakt til å sleppa å gå med post fem dagar i veka til rundt 10 prosent av befolkningen. Det betyr over 200.000 husstandar og rundt ein halv million nordmenn. Dersom Posten får gjennom denne omlegginga, seier det seg sjølv at avisene kjem for seint ut til abonnentane, seier Rune Hetland i LLA.

– I praksis betyr alt dette at den demokratiske infrastrukturen i landet blir svekka. Det vil mellom anna ta lenger tid å distribuere mellom landsdelar. Som kjent har lokalavisene mange utflyttarar som er viktige abonnentar. Alle aviser vil oppleve reforma som uheldig, men det er nok lokalavisene og riksavisene som blir hardast råka dersom omlegginga blir gjennomført.

Landslaget for lokalaviser set no sin lit til at politikarane ser kva som er i ferd med å skje. Seinast for ei veke sidan var LLAs generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Roar V. Osmundsen i høyring hos Stortingets transport- og kommunikasjonskomite (bildet), der dei minna om at gode posttenester og avisdistrubusjon også handlar om kva land Norge skal vere: Vil vi at folk kan bu og arbeida også ute i distrikta, eller skal vi stella oss slik at det berre blir i byane at folk får gode nok tenester?

LLA på høring i Transportkomiteen

Også avisforskarane engasjerer seg i saken. Til Klassekampen i dag seier medieforskar Helle Sjøvaag at «avisdistribusjon utgjør en bærebjelke i medienes infrastruktur, og som staten ifølge Grunnlovens paragraf 100 er pålagt å støtte opp under.»

– Mange glemmer at medielovgivningen er laget for å være til støtte for folket og demokratiet, ikke for å underbygge forretningsmessige vilkår i en spesifikk bransje, seier Sjøvaag til Klassekampen. Ho fryktar at lokalavisene vil vere spesielt sårbare for endringar.

– Selv om innovasjonstakten øker i hele bransjen, er det ikke gitt at alle aviser bør følge VGs digitale forretningsmodell, seier Helle Sjøvaag til avisa.

– Kva skjer no?

– Heldigvis er mange politikarar på banen. Mellom anna vil transportkomiteens saksordførar Kjell-Idar Juvik (Ap) ha med seg Venstre og KrF på å stanse ein del av det som Posten legg opp til. LLA engasjerer seg sjølvsagt også sterkt i saka. Alt om fire veker skal Stortinget vedta meldinga om Posten, så vi må stå på og argumentere godt overfor politikarane. Vi meiner at vi har ei god og viktig sak; No håper vi at det er andre verdiar enn kortsiktige innsparingar som vinn fram, seier Rune Hetland til LLAs eigne nettsider.

Her er eit utval artiklar om post, avisdistribusjon og statsbudsjett dei siste to vekene:

Klassekampen: Langer ut mot Kvikkas

Klassekampen: Treig start for Kvikkas

Journalisten.no: Kvikkas forteller om bud-trakkasering i første leveringshelg

Klassekampen: Postreform truer aviser

Klassekampen: Posten varsler oppsigelser

VG: Krever at regjeringen rydder opp i avis-kaos

Klassekampen: 45.000 mister avisa

LLA-weben: LLA vil ha distribusjonsstøtte for lokalavisene

LLA-weben: Avisene må no ha 50 millionar kroner meir i produksjonsstøtte

LLA-weben: LLA taler lokalavisenes sak i Stortinget

 

postkasse2