Styret legg lista høgt for LLA

LLA-styret legg lista høgt for kva organisasjonen skal levere resten av året og neste år. Det er klart etter arbeidsmøtet i styret i september. Her var det diskusjonar og idedugnad om alt frå pressepolitikk til utfordringane i annonsemarknaden, mulegheitene i lesarmarknaden, kurs, nye prosjekt og meir.

Styre og administrasjonen er einige om at nå er det lokalavisene sin tur til å bli prioritert i pressepolitikken. Tonen vil bli skjerpa i dette arbeidet. Vi finn oss ikkje lenger i å sjå at andre avisgrupper stikk av med dei største verdiane i pressestøtta enten det er snakk om produksjonstilskott eller avgiftsfritak. Det er og særs viktig at alle lokalaviser og spesielt dei små uavhengige nå får støtte til å henge med i den digitale omstillinga. Vi kan ikkje vente lenger, fine ord kan ikkje brukast til å løne journalistar.

Styret var på todagars styreseminar i september.