Strålande nøgde med Hallingdølen

Då Amedia si lesarundersøking vart brukt på Hallingdølen sine lesarar, var svara så uvanleg gode at analytikarane ikkje trudde på tala.

 

– Dei trudde ikkje statistikkane var riktige, og måtte køyre tala gjennom systemet på nytt for kontrollere dei, fortel redaktør Bjarne Tormodsgard.

– Det er uhøyrt. Det skal ikkje vere mogleg. Dette er uoffisiell verdsrekord i fornøgde lesarar, sa seniorrådgjevar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion og redaktør for innhaldsutvikling i Amedia, Erling Brøndmo til Hallingdølen då presenterte resultata for to veker sidan.

Hallingdølen forsideHallingdølen får 421 poeng på det som er omtala som «tilfredshetsscore». Landssnittet er 217. På tabellen for «relasjonsscore» – om lesarane oppfattar Hallingdølen som viktigaste nyheitskanal – får Hallingdølen 444 poeng. Her er snittet 255.

Tormodsgard hadde håpa på gode resultat, men ikkje at dei skulle vera så langt over alle andre.

– Det er heilt ufatteleg, seier han.

Kva er så gulloppskrifta?

– Eg trur det viktigaste er at vi skriv om kvardagsfolk. Det er dei vi skriv for, og difor har vi alltid hatt lyst til at dei skal prege avisa. Ein må passe seg for å bli for elitetung, seier Tormodsgard.

Han fortel vidare at Hallingdølen er tydeleg på at dei slåst for lokalsamfunnet sine interesser.

– Lokalavisa må vere superpatriot. Det er ingen andre som slåst for dei lokale interessene. Når vi begynner å analysere svara frå lesarundersøkinga er det nok dette folk føler om Hallingdølen: Det er mi avi som kjempar for mine interesser.

Tormodsgard legg til at undersøkinga også viser at dei har noko å jobbe vidare med.

– Vi må bli enda meir aktuell for dei i alderen 20 til 40 år.

Les Hallingdølen si sak om lesarundersøkinga her: http://hallingdolen.no/article/20150205/ARTIKKLER/150209934/1001