andreas-hompland-bjorgulv-braanen-jan-arild-snoen-eva-norlund

Stemmene mot straumen samla på LLA-seminar

Hallingdølen, Tor Jonsson-selskapet og LLA arrangerte seminar i Tor Jonssons fotspor om motstraumsstemmer i media.

Andreas Hompland, Bjørgulv Braanen, Jan Arild Snoen og Eva Norlund var mellom dei profilerte stemmene som deltok på seminaret.

Skreiv om sentrale tema

Tor Jonsson, mannen bak omgrepet «bygdedyret», var først skribent i Dølenes blad frå 1943 til 1945 før han vart redaktør i Hallingdølen i 1946. Der var han berre i eit halvår. Tor Jonsson heldt fram med å skriva avisartiklar i Arbeiderbladet, Dagbladet, Kvinnen og Tiden, og Heimen. Artiklane hans har vorte gjeve ut fem gonger etter hans død, og han vert hyppig sitert av unge studentar.

– Finst det andre som har fått eit så lang liv med avis- og bladartiklar, spurde leiar Håvard Teigen i Tor Jonsson-laget. Han prøvde å gje ei forklaring på kvifor Tor Jonsson sine avisartiklar har fått så langt liv:

  • Han skreiv om universelle tema som stadig er sentrale: Krig og fred, fattig og rik, religion og religiøs fanatisme/pietisme, brotsverk, straff og hemn, mobbing og ikkje minst bygda.
  • Mange av tekstane handla om tema som ikkje var knytt til enkelthendingar og enkeltpersonar.
  • Han kritiserte blind autoritetstru og provoserte og herja med prestar, kyrkja og autoritetar i samfunnet.
  • Han skreiv godt.

Jon Hustad (Dag og Tid) meiner at folk les Tor Jonsson fordi han skriv med ein slik energi at lesaren blir dratt inn. Hatet driv han til å skriva godt. Men Hustad trur ikkje at ein skal forvente at Tor Jonsson eller andre har stor påverknad på samfunnsutviklinga sjølv om dei vert lesne.

– Det er ikkje vanskeleg å ha motstraums meiningar i Noreg i dag. Viss du har motstraums meiningar, er det du sjølv som må ha mot til å meine. Men du kan ikkje forvente at meiningane dine fører til endring.

Eva Nordlund (Nationen) repliserte: – Å seie at litteratur ikkje betyr noko for samfunnsutviklinga, det er det same som å seie at det ikkje finst nokon subjektivitet.

– Lokalavisa meir lim enn lupe

Det vart stilt spørsmål om lokalavisene er for feige til å få fram sterke meiningar, stille kritiske spørsmål og grave djupt i viktige tema. Direktør Knut Olav Åmås i Fritt Ord sa i sitt foredrag at det er for lett å skrive ukritisk om lokale suksesshistorier. Når han blar i lokalaviser, ser han ofte at avisa fungerer som ein cheerleader full av gruppebilete av folk som feirar ein lokal suksess, gjerne med tommelen opp. Sjølv i Hallingdølen fann han raskt eit slikt gruppebilete. Han saknar fleire kritiske saker om dobbeltroller i lokalsamfunnet, økonomisk makt i næringslivet og maktbruk frå kommuneadministrasjonen, og analytiske saker om integrering, regionalt samarbeid eller om kven som fell utanfor i lokalsamfunnet.

Samtidig påpeika han at lokalavisene gjer ein viktig jobb med å vise korleis og kvifor samfunnet fungerer. Dei gjev innbyggjarane felles referansar, og bidreg til å knyta samfunnet saman.

– Lokalavisene er ryggraden i Medie-Norge. Eg reiser mykje rundt i Norge, og kjøper alltid lokalavisene der eg er. For du kan ikkje forstå Norge utan å lese lokalaviser.

Les eit lengre referat av Åmås sitt foredrag her.

Gudmund Skjeldal oppmodar lokalavisjournalistar til å dyrka Tor Jonssons trassige and. Han føler at lokalaviser oftare er lim enn luper, og trur at lokalsamfunn kan bli for forelska i seg sjølv.

– Etter å ha lese mi eiga lokalavis på Voss, som  har vore stormannsgale nok til å kalla seg Hordaland, saknar eg nokre spørsmål, som: Er dei små skulane verkeleg noko å heigna om? Er gamleheimane verkeleg noko å skryta av? Når skal vedlikehald bli like viktig som nybygg? Er det noko me ikkje treng diskutere i Norge, er det den evige «by versus bygd, kvar er det best å bu?»

Tidlegare i år skreiv Anki Gerhardsen om lokalavisjournalistar:

«Det skjer noe med hjernen når du må levere så mye og så kjapt. For å overleve venner du deg til å lete etter det enkle. Du siterer dem som er misfornøyd med rådmannen, men du tar deg ikke tid til selv å finne ut om noe er gjort galt. Det som burde vært en stor sak, fyker forbi fordi du ikke rekker å reflektere.»

På Ål fekk ho møta Tomas Bruvik (Kvinnheringen), som forsvarte lokaljournalistikken:

– Vi skriv ikkje om «Kjolebonanza på kjendisfesten», eller «Sånn får du nakenbilde fra kjæresten» eller «Du vil ikke tro hvordan denne mannen reagerer når sønnen spiser ugress». Alt dette er titlar henta frå større aviser den siste veka. Når eg har vore litt misnøgd med eiga avis, gjer eg dette trikset. Takke meg til kvardagsgravinga vår, heller enn å få ein Skup-pris i ny og ne, og elles levera sånn journalistikk, sa han.

– Eg gjorde ein stor feil då eg skreiv den kommentaren, sa Anki Gerhardsen. – Eg skreiv ikkje at eg kjem frå lokalavismiljøet sjølv. At eg byrja mi journalistiske karriere som frilansar for Lofotposten, med ein tosiders artikkel om ei ku som rømde til sjøs. Eg er framleis ofte ute i redaksjonar, og det luktar som før: stress, høgt tempo og ei duft av djup depresjon. Det er mange som har sagt at kommentaren min trefte spikaren på hovudet, vi held på å drukne.

Her kan du lese kommentaren til Anki Gerhardsen.

– Meir analyse

Det overordna spørsmålet for seminaret var korleis ein kan styrke mangfaldet av stekre stemmer i media, eller om det er meir refleksjon og analyse vi treng. Hilde Sandvik (Broen.xyz) slo eit slag for den analytiske, forklarande kommentaren. Ho påpeika at kommentarjournalistikk i dag enten kan vera for forsiktig, eller for polarisert.

– Digitale kanalar gjer at meiningar ofte vert drivne ned i grøftene. Algoritmane gjer at folk berre blir presenterte for det innhaldet som stadfestar og forsterkar deira eigne meiningar, sa ho.

Les Hilde Sandvik sin kommentar her.

Ordstyrar Andreas Hompland påpeika at han sjølv alltid seier nei til å skriva under tittelen «Sterke meninger».

– Sterke meiningar er stort sett uinteressante, men dei gjer seg godt som klikkgeneratorar, sa han.