Statsbudsjettet: LLA krev løft for lokalavisene

LLA jobbar i haust aktivt for eit skikkeleg løft for lokalavisene i statsbudsjettet. – Dersom regjeringa verkeleg meiner at det er viktig med eit mangfald av seriøse aviser må dei vise det i statsbudsjettet for 2018, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA ei veke før statsbudsjettet blir lagt fram torsdag 12. oktober

LLAs generalsekretær Rune Hetland.

Mediemangfaldsutvalet som regjeringa oppnemnde, var tydelege i sin rapport om at det hastar med tiltak dersom vi skal ta vare på journalistikken i dei krevjande tider bransjen opplever.

– Nå krev vi handling og eit skikkeleg løft for lokalavisene, seier Rune Hetland.

– Vi er sjølvsagt spente på budsjettet og om det samtidig blir lagt fram ei mediemeding eller varsla tidspunkt for denne. Det er utruleg spennande og viktige tider for norsk presse på fleire måtar. Det er store utfordringar i annonsemarknaden, men vi ser at lesarane vil ha lokalavisa og at mange opplever nye abonnentar gjennom digital satsing. Dei fleste må spare, og det er viktig med betre rammevilkår dersom vi skal ta vare på den viktige journalistikken. Det handlar om kva samfunn vi vil at Norge skal vere i framtida, seier Hetland og lovar ein aktiv budsjetthaust.