Råd om kommunebudsjett-dekninga

Som eit supplement til LLAs vanlige kursaktivitetar, byr vi i dag på eit par korte videosnuttar som vonaleg er til inspirasjon når lokalavisene arbeider med kommunebudsjettet.

Ser du på våre video-innslag, får du eit par gode råd om kva du bør sjå etter i budsjettet – og kva som kan vera gode innfallsvinklar når rådmannen i din kommune legg fram budsjettet sitt.

Vi har laga to snuttar; Fire minuttar om kommunebudsjettet og eit par minuttar om statsbudsjettet.

Det er Bjørn Brox som gir oss råd på vegen. Nokre av dykk kjenner han frå kommunebudsjett-kurset som LLA hadde i fjor, andre les kanskje spalta hans i Kommunal Rapport. 

Trykk på linken nederst i artikkelen for å sjå videoane.

LLA minner også om språksatsinga vår: No kan du også melda deg på eit nytt språkkurs i Bergen i begynnelsen av november. Lingvist Henriette Edvarda Berntsen tar deg gjennom eit praktisk dagskurs. Sjekk LLAs kurssider her på nettet og merk at påmeldingsfristen er i desse dagar.

Her kan du sjå videosnuttane om kommune- og statsbudsjettet.