Produksjonstilskotet utbetalt

Produksjonstilskotet for 2013 er nå fordelt og restbeløpet utbetalt. Lokalavisene får om lag sju prosent auke samanlikna med fjoråret.

Statsbudsjettet er utgangspunktet og Medietilsynet fastset endeleg fordeling etter drøftingar med medieorganisasjonane (MBL og LLA) og i samråd med Kulturdepartementet. Totalt er 307,8 millionar kroner fordelt på 141 aviser.

 

Minstetilskot til dei fleste

Dei aller fleste LLA-avisene får minstetilskot, pluss tillegg, dersom opplaget er under 4000, og for tal utgåver i veka. Vidare får aviser i Nord-Norge dobbelt grunntilskott.

Satsane for 2013 er slik (Nord-Norge i parentes):

Ei utgåve i veka: 291 063 kroner (582 126 kroner)

Tillegg per ekstra utgåve i veka: 69 961 kroner (139 922)

Tillegg for under 4000 i opplag: 181 008 kroner

Nr.2-aviser får høgare støtte og etter andre kriterier.

Samiske aviser og ymse publikasjonar har eiga støtteordning.

Full oversikt over produksjonstilskotet for 2013 på Medietilsynet sine nettsider.

 

Statsbudsjettet for 2014

I avgått regjering sitt forslag til statsbudsjett for 2014 blir det foreslått ein auke på om lag 7,5 prosent i produksjonstilskotet. Den nye regjeringa arbeider nå med å utarbeide sitt forslag. Det blir lagt fram truleg lagt fram 8. november. Deretter skal Stortinget handsame budsjettet og gjere endeleg vedtak midt i desember.

– Vi arbeider for fullt med å gi best muleg informasjon om lokalavisene til dei nye folkevalde i Stortinget og regjeringa. Det er spennande tider, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.