Pressestøtta på staden kvil

Når regjeringa legg fram statsbudsjettet for 2017, blir produksjonsstøtta til avisene verande på samme nivå som i år.

finanskomite3

På bildet: LLA og dei andre presseorganisasjonane i høyring i finanskomiteen tidlegare i haust. Med hjelp frå Venstre og KrF sine medlemer i komiteen, er kutt i produksjonsstøtta stoppa.

 

Som kjent har det i lengre tid vore harde forhandlingar mellom regjeringspartia og samarbeidspartia, men når statsminister Erna Solberg går inn i finansdebatten på Stortinget klokka 10 i dag måndag, er det vel vitande om at ho får fleirtal for forslaget til statsbudsjett. Mellom anna vil Stortinget vedta at produksjonsstøtta til avisene framleis skal vere 313 millionar kroner. Dette er 10 millionar meir enn det regjeringa opprinneleg foreslo. Det foreslåttet kuttet er altså stoppa.

– Vi set pris på at Venstre og KrF nok ein gong har hindra kutt i pressestøtta. Vi er også glade for at det er lagt til rette for ei fornuftig utviding av det digitale momsfritaket, seier Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA).

I dette siste ligg det at i dag er det såkalla allmenne nyhetsmedier som slepp å dra inn moms på journalistisk innhald, uavhengig om vi leverer stoffet på papir eller digitale flater. Frå neste år kan det bli aktuelt å utvide ordninga, då det i statsbudsjettet heiter at regjeringa i forbindelse med revidert budsjett skal «vurdere utvidelse av momsfritaket for medier til å gjelde all digital journalistikk». I praksis betyr dette at fleire av fagpressens blader og nisjeaviser kan kome inn under momsfritaket.

Fortsatt ein veg å gå

LLA gler seg altså over at vi gjennom vårt pressepolitiske arbeid i haust har klart å bidra til å stoppe nok eit foreslått kutt til avisene som får produksjonsstøtte. Av den totale potten på 313 millionar kroner, får lokalavisene rundt ein fjerdedel. Tilskotet til samiske aviser, som ligg i ein eigen post på statsbudsjettet, aukar litt.

Sjølv om vi i dag er nøgde med at regjeringas foreslåtte kutt i neste års budsjett er stoppa, meiner vi likevel at det må meir til for å heise flagget til topps. I lys av inflasjonen og at dagens regjering tidlegare i si styringstid har kutta i pressestøtta, må produksjonsstøtta etter kvart  aukast med minst 40 millionar kroner for å kompensere fullt og heilt for tidlegare kutt og prisjusteringar.

runehetlandllaweb

For eventuelle kommentarar:

Rune Hetland (bildet), generalsekretær i LLA, dir. tlf. 452 89 444, eller epost rune()lla.no

Tidlegare saker om LLAs arbeid med statsbudsjettet:

LLA taler lokalavisenes sak i Stortinget.

Avisene må no ha 50 millionar kroner meir i produksjonsstøtte.

LLA vil ha distribusjonsstøtte for lokalavisene.