Slik kan lokalavisa gjera det godt på papir og nett!

Vi tør hevda at årets landsmøte i Svolvær blei ein stor suksess og eit minne for livet. No har vi klart gruppearbeidet med praktiske forslag til bruk i kvardagen.

etter-landsmoteomslag-1

På LLA og lokalavisene sitt landsmøte 2013 jobba vi særleg med lokalavisa på ulike plattformar. Ikkje minst var overfarten mellom Bodø og Svolvær ein spennande seglas, der landsmøtedeltakarane sjølve utveksla tankar og idear om kva som eignar seg best på papir og nett dei neste fem åra. Gjennom gruppearbeidet jobba vi fram praktiske døme på kva lokalavisene bør gjera i kvardagen sin.

Utvalgte føredrag frå landsmøtet kan du lasta ned frå desse nettsidene, men gruppearbeidet, med plass til eigne notatar, kan medlemsavisene få tilsendt frå LLA. 

Under her kan du altså lasta ned øvrige foredrag og referat frå landsmøtet. Mellom anna kan du lesa frilansjournalist Gard Espeland sitt referat frå nett- og papirdebattane våre. 

Har du spørsmål om gruppearbeidet eller foredraga frå landsmøtet, kan du ta kontakt med LLAs markeds- og informasjonssjef Geir K. Hus: geir()lla.no

Til slutt: Tusen takk til alle som bidrog til å gjera landsmøtet så godt og så hyggeleg som det blei. På gjensyn i Bergen 28. mars 2014.

 

1 Åpningstale Fossbakken Kulturdep

2 Markedsintro Geir Hus LLA

3 Avisstatistikk Sigurd Høst

4 Nynorsk Avissenter Arve Sandal

5 Digitale trendar Geir Engen MBL

6 Lørdagsopning Ottar Grepstad

7 Gruppearb foreløpig Laila Borge LLA

8 Levande lokalsamfunn Rune Hetland LLA

9 Levande lokal manus Roar Osmundsen

10 Levande lokal pres Roar Osmundsen

11 Diplomtekstar alle prisar

12 Referat Gard Espeland

13 VOL og lokalavisene

 

Her kan du høyra NRK Brønsj sitt intervju med redaktør Bjarne Tormodsgard, Hallingdølen:

Her ser du årets vinnarar:

Hallingdolen

Hallingdølen: Årets lokalavis. Til venstre adm. dir. Kjell Vidar Bergo, redaktør Bjarne Tormodsgard og juryleiar Ottar Grepstad.

Søgne 

LLAs journalistpris: Søgne og Songdalen Budstikke. Til venstre redaktør Roar Vigeland Osmundsen saman med politisk rådgjevar Håvard Fossbakken i Kulturdepartementet.

 

Verran

Markedsprisen: Lokalavisa Verran-Namdalseid, her med Svein Bjørdal.

 

Sunnhordland-avisside

 Årets lokalavisside: Sunnhordland. Redaktør Magne Kydland.

 

Sunnhordland-Årets-lokalavisfoto

 Årets lokalavisfoto: Per Egil Larsen, Sunnhordland.

 

Hederpris-Kokkvold

Hedersprisen: Per Edgar Kokkvold, avtroppande generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Hederpris-tegning-Kokkvold

Siv Grethe Bøhn-Pettersen, Dalane Tidende, sin teikning av hederprisvinnaren Per Edgar Kokkvold.